onsdag 30. april 2008

Refleksjonsnotat

Studiet i pedagogikkfaget har vore ei reisa inn i pedagogikkens verden, eg har blitt kjend med blant anna Vygotsky og Gardner. Eg må sei at spesielt desse to har gjort stort inntrykk på meg og lært meg mykje.

Eg føler at den pedagogiske kunnskapen har vorte intenalisert særskildt i gjennom praksis, dialog med medelevar, og igjennom bloggen.

Den har vore til stor hjelp for å måtta "ta tak" i stoffet og jobba med det når eg kom heim etter forelesningane.

Praksis perioden var svært nyttig, då fekk eg ei større forståing for det Birgit sa i ein time. "Det viktigaste me kan læra elevane er empati."

Å væra lærar handlar om å forhalda seg til verdifulle menneske.

Me har ei stor inflytelse på elevane, som rollemodell. Då er det viktig at me har positive haldningar til den enkelte eleven og viser at alle er lika verdifulle uansett ytre forhold!

Arbeidet med mappeoppgåva har gjort at eg har fått ei større forståing, for kva det er å undervisa ved hjelp av undersøkingslandskap. Og korleis ein skriver ei oppgåve, noko som også er viktig.

tirsdag 22. april 2008

31.03.08 Tilpassa opplæring

Foredrag med Åshild:
Tilpassa opplæring er ikkje noko nytt, men det kom først med i opplæringslova i 1998, der står det:

u § 1-2 (5.avsnitt) Opplæringa skal tilpassast evnene og føresetnadene hjå den enkelte eleven, lærlingen og lærekandidaten

No då tilpassa opplæring er ein rett for våre elevar så kjem spørsmålet: Korleis gjer me det i praksis?For det fyrste: nokre elevar har i tillegg rett på spesialundervisning.

u § 5-1 (1.avnitt) Elevar som ikkje har eller som ikkje kan få tilfredsstillande utbytte av det ordinære opplæringstilbodet, har rett til spesialundervisning

Dei andre elevane skal me gje tilpassa undervisning. Det er fleire måtar å vektleggja tilpassa undervisning i skulekvardeagen: På Langeland Skule nyttar dei IUP, for å gje den enkelte eleven tilpassa oppgåver. Skåredalen skule legg i vekt på dei 8 forskjellige Intelligensane i følgje Gardner sin MI teori. Nokre skular nyttar elevbedrift for å gje elevane tilpassa opplæring. Dette kjem sjølvsagt i tillegg til eit variert undervisningsopplegg, og fokus på den enkelte eleven.
Som lærar vil det alltid vera fleire faktorar verkar inn på korleis me kan tilpassa undervisninga. For eksempel: Kor mange elevar det er i klassen, tida ein har disponibel til førebuing og undervisning, og kor mange elevar som krev ekstra merksemd. Så langt eg ser det er det ein fordel å ha mindre grupper eller klassar pr lærar, når ein skal gje den enkelte eleven tilpassa opplæring.

Nokre lærarar har pga for store utfordringar i undervisningssituasjonen gjeve opp viljen til å gje den enkelte tilpassa undervisning. Ein rapport av Dale og Wærness, viser at i vidaregåande skular er det ein del lærarar som i staden for har ”ettergivenhet” som undervisnings strategi. Dei fokuserer kort sagt på å halda ro i klassen og på å undervisa dei flinke. Resten bryr dei seg ikkje om. Andre legg undervisninga på eit slikt nivå at det ikkje vert naudsynt å difrensiera, alt er lika lett, og dei flinke lærer svært lite. Dette er svært beklagelig.

Temaet tilpassa opplæring engasjerer meg! Eg liker sitatet førelesninga byrja med: alle kan læra alt.. av Johan Amos Comenius (1592 – 1670) Er også einig med Gardner. Han meiner at alle har bort i mot like stor intelligens, berre på forskjellige måtar, og nemner 8 hovud intelligensar. Eg tenker på ein av mine kameratar som ”mindre flink” på skulen. Men han kunne skru ein motorsykkelmotor i frå kvarandre og saman på knapp tid, og var ein meister i å kjøra kross sykkel…. Eg håper me som lærarar klare å formidla til elevane at: INGEN ER MINDRE FLINK ENN ANDRE! Om elevar ikkje lærer så er det oftast pga mangel på tilpassa opplæring, eller mangel på motivasjon. Personlege hendingar som skilsmisse eller rusmissbruk i familien ol, kan også verka inn på elevens lærings evne.


Etter foredraget vart me delt inn i grupper, eg var på gruppa med: Anna Kristin, Ida, Mona, Rebekka og Kari . Me fekk fyrst i oppgåve å visa fira måtar å gjennomføra tilpassa opplæring på.
Me svarte:
1. God gammaldags tavleundervisning, der en skrive på tavla og forklarer verbalt det elevane skal lære – påfølgande oppgåveløysing
2. Konkretisering/forteljing/drama
3. Undersøkingslandskap à spesielt for dei elevane som treng ekstra utfordring – må begynne med det tidlig, og elevane må ha eit visst grunnlag
4. Gruppearbeid med diskusjon i høve til oppgåveløysing

Deretter fekk me i oppdrag: Vel ein måte og planlegg eit undervisningsopplegg der det vert teke omsyn til nivå, fag, gruppe. Me val: Nivå: Blanda Fag: KRL – tema: kristne påske. Gruppe: Klasse i 5 trinn.

Undervisningsopplagg:
Lage langbord, der lærar og elevar et nista si i lag, medan lærar fortel historia om påske. Begynner med palmesøndag. Har med en ”palmegrein” for å konkretisere. Trekke paralleller til tidlegare opplegg, t.d undera. Og forklar kvifor folket hylla Jesus, og dei religiøse leiarane ikkje likte han. Går vidare til skjærtorsdag. Avtalar på førehand med to elevar om å vaske beina deira i eit vaskefat. Fortel om kvifor dagen kalles skjærtorsdag. Fortel deretter om nattverd. Har med eit glas med raud saft og brød for å demonstrere/konkretisere nattverda. Visar korleis nattverda går føre seg, utan å gjere det som ein religiøs handling (ikkje sei ”her er Jesu legeme” osv).
Fortel vidare om når dei gjekk ut i Getsemanehagen på Langfredag. Fortelje historia, slik at elevane blir førebudde på å dramatisere langfredag og det som hendte i hagen. Planleggje kven som skal vere kven.
Neste time gjennomføre dramatiseringa: Gjere det fysisk ved å gå ut, og dramatisere kva som skjedde i Getsemanehagen; Ein kan vere Judas, ein kan vere Jesus, nokre kan vere soldatane og nokre kan vere disiplane. Deretter kan klassen spela det som skjedde. Ha gjerne med eit laus øyra og spel Peter som høgg av soldaten sitt øyra, og Jesus som set det tilbake. Det er heile tida mogleg for elevane å stille spørsmål undervegs.

lørdag 19. april 2008

Siste praksisperiode


I praksis før jul, følte eg ikkje at eg heilt meistra det å væra lærar. Det var heile tida ting som eg gjorde feil. Men denne gongen var det litt betre. I fleire av timane opplevde eg ein større grad av meistringsfølelse, enn det eg hadde før jul. Likevel var det fleire felt, der eg merka rom for forbetring. J Det eine var når det gjaldt å halda ro i klassen. Eg opplevde i fleire timar at elevane var urolege, og det var fleire årsaker til dette. Den eine årsaka var nok at eg stressa i forhold til å gjennomføra undervisningsopplegget i timen. Det gjorde at eg oversåg at nokre av elevane sat uroleg. Dette medførte igjen til at fleire elevar vart urolege, før eg vart merksam på problemet. Ei anna årsak til uro i enkelte timar kan ha vore at eg ikkje var tydeleg nok leiar, og dermed ville nokre av elevane "prøva seg". Eit anna forbetrings område, er å få større erfaring og forståing i forhold til å tilpassa undervisninga til elevane. I ein engelsktime skulle eg få elevane til å lesa høgt. Eg var ikkje sikker på kven som kunne lesa åleine, difor let eg dei lesa høgt i lag. Dette førte til at nokre av elevane ikkje var med, medan andre las svært lågt. Hadde eg spurt kven som ville lesa høgt, så kunne dei ha fått lesa høgt. Dei andre kunne eg ha lest i lag med, og dermed hadde det nok vorte betre høgtlesing. Då eg oversette leksa, så las eg også for lange setningar før eg oversette. Kortare setningar, og i tillegg å skriva meir på tavla, ville medført at elevane fekk meir med seg.

Ein lærar har mange oppgåver. Han må for eksempel sei til elevane kva bøker dei skal ha med, og minna dei på heimeleksa. Eg har lært i denne praksis perioden, at det er svært viktig å skriva beskjedar opp på tavla. I tillegg er det viktig å seia dei tydeleg og gjerne fleire gonger, slik at ein er sikker på at elevane får dei med seg. Når ein førebur ein time, så er det lurt å tenka igjennom heile timen, og tenka: Har eg hugsa å skriva opp alt? Kan det skje noko som gjer at eg må ha eit reserve opplegg, for eksempel: elevane kjem ikkje på internett. Har eg rikeleg undervisningsopplegg til timen? Er opplegget godt nok tilpassa elevane sitt nivå? Er det noko eg bør spørja klassens kontaktlærar om, før eg bestemmer alle detaljane? Ein kan nesten aldri væra godt nok førebudd. I tillegg så må ein ikkje væra så fastlåst i det ein har planlagt, at ein ikkje kan ta visse forandringar under vegs, om ein opplever at det må til for å få betre utbytte av undervisninga.

Når det gjeld motivasjon som me hadde fokus på i denne perioden, så prøvde eg på å væra oppmuntrande i kontakt med den enkelte elev. Men pga ein del uro i blant enkelte elevar, så var det nokre som fekk meir formaningar enn dei fekk oppmuntring. Eg merka også på meg sjølv at eg hadde mest lyst til å oppmuntra dei som var fagleg sterke eller "minder urolege". På tross av det trur eg at mange fekk oppleva at eg hadde tru på dei som person, og at eg såg deira potensiale til å læra meir. Fleire av elevane sa at eg var ein god lærar, og det tok eg som ei stadfesting på at eg hadde klart å formidla tru på den enkelte.

I ein av dei siste timane viste eg lysbilete frå China. Den timen var særskilt kjekk, og gav meirsmak. Generelt sett var det også kjekt å bli betre kjent med elevane i denne perioden, og merka at dei sette pris på undervisninga. Større grad av meistringsfølelsen har gjort at eg er meir overbevist om å verta lærar no, enn det eg var før jul.

.............................................................................................................................................................

Revidert 23.04.2008

Takk for spørsmålet Mariann :-)

I denne praksis perioden skulle me ha ekstra fokus på bruken av digitale verktøy, difor gjorde me fylgjande:

Veke 9 viste me elevane ”Gule sider kart” og ”Google Earth”. Me sette stolane saman i klasserommet, slik at trinnet sat samla som i eit fly, i retning storskjermen. Deretter viste me Langeland skule på ”Gule sider kart”, og gjekk vidare til ”Google Earth” der me viste dei Island, Kenya i Afrika, Kina i Asia, Australia i Oseania og Titikakasjøen i Peru / Bolivia i Sør Amerika. Denne timen var for å visa gje dei ei innføring i korleis dei kan bli betre kjent med land og byar via” Gule sider kart”, og ”Google Earth”.
Veke 10 hadde me ein pc stasjon på fredagen, der arbeida elevane med samfunnsfag på ”Gaia” sine internettsider. Veke 11 hadde me arbeidsplan på tysdagen, der var ei av oppgåvene å spela på nynorsk internettsida til Cappelen. Onsdagen hadde me stasjonar i matematikk, samfunnsfag og norsk. På matematikk stasjonen løyste elevane multiplikasjons oppgåver på internett. Det var det me fekk gjort med digitale verktøy denne gongen :-)

........................................................................................................................................

Revidert 29.04.2008

På spørsmålet frå Cecilie, om det var lett å undervisa så må eg sei både ja og nei. Enkelte ting syntes eg var lett å læra frå meg. Feks i KRL timane, og til dels i matematikk timane. Men i andre timar som Engelsk, følte eg det var litt vanskeleg å tilpassa undervisninga skreddersydd til elevane. Og dermed vart det vanskeleg å læra frå seg. Men det er vel noko me kjem inn i etter kvart :-)

torsdag 17. april 2008

Yrkesetisk seminar


Då eg har kristendom grunnfag frå NLA i Bergen, har eg fritak frå KRL. Med andre ord har eg allereie tatt KRL. Difor var eg ikkje på "Yrkesetisk seminar", og skriver heller ikkje blogg om det.

Kva det nye ekteskaps lovforslaget medfører for skule og samfunn

(lesarinnlegg i avisa Sunnhodland 17.04.08) Familiepolitisk talsperson i SV May Hansen, skriv i Dagen Magazinet 8 april: "Motstandere av felles ekteskapslov insisterer på at ekteskapet skal være en institusjon mellom mann og kvinne hvorfor?" Deretter sier May, at ho ikkje forstår kvifor hennar ekteskap kan truas av at lesbiske eller homofile par ho kjenner får rett til å gifta seg. Som gift lærarskulestudent, og far til 3 born, vil eg svara på denne utfordringa, og stilla spørsmål til lovforslaget.

Skal ein debatera denne lovendringa, så meiner eg at ein må sjå på konsekvensane for samfunnet. Det er ikkje noko slåande argumet å sei at det handlar om eit homofilt venepar. Denne lova medfører eit paradigmeskifte i Norg! I alle store kulturar og religionar, har ekteskapet mellom kvinne og mann vore fundamentet for kjernefamilien. Det finnes ikkje nokon viktigare institusjon i eit samfunn enn familien. Når ein omdefinerer eit så viktig begrep, rokkar ein ved samfunnet sitt fundament. Skal ein no omdefinera ekteskapet i alle skulebøker, og sei at det er kjønns uavhengig? Som lærar møter eg på denne problemstillinga. Kan eg risikera å mista jobben, dersom eg i framtida skulle sei at det er best for eit born å veksa opp med mor og far? Dette vil verta eit av kosekvensane, dersom forslaget vert vedtatt. Kva med seksualundervisninga? Kor mange forskjellige former for sex skal læraren undervisa barna i? Eventuelt kvar skal grensene gå? Dersom ein fjerner skaparverket sine rammer for kva som er normalt, så kan grensene stadig verta endra.

Dei homofile skal få like rettar til å verta foster foreldre, er eit av forslaga. Har ein igjennom grundig forskning komen fram til at ein mann kan erstatta ei mor? Eller kan ei kvinne på lik linje stetta behova eit barn har for å ha ein maskulin far? Her må vi tenke på barnet sitt beste!

Denne forhasta prosessen i forhold til lovforslaget, ber preg av ei lite reflektert regjering som kjører igjennom sine idèar, utan å ta hensyn til folket. Kvifor har ikkje regjeringa nedsatt ein kommisjon på lik linje med Frankrike? I følge nettstaden "mor far barn" nedsatte presidenten for det franske parlamentet ein kommisjon, som i 2006 konkluderte med at Frankrike ikkje bør innføra kjønnsnøytrale ekteskapslover. Med basis i barnets rettighetar konkluderer også kommisjonen med at Frankrike ikkje bør legalisera homofil adopsjon eller kunstig befruktning for lesbiske. Kommisjonen bestod av 30 personar fra ulike politiske partier og fra diverse fagfelt. Dei arbeida i eit år og besøkte blant anna Spania, Belgia, Nederland og Canada, som alle har innført kjønnsnøytrale ekteskapslover. Faktisk har ingen andre land i verda gjort et så grundig arbeid omkring temaet som Frankrike har gjort. Då f.eks. Canada og Spania innførte kjønnsnøytral ekteskapslov i 2005, skjedde det i stor grad på grunnlag av politisk "korrekthet" og ideologiske kjepphestar. Barnas rettighetar og lovas effekt på samfunnsutviklinga vart i stor grad ignorert. Vil det samme skje i Noreg? Kvifor har det ikkje vore ei grunding utredning og ein gjennomgåande debatt i samfunnet, før dette lovforslaget skal fremast?

Lova endrar på grunnpilaren i samfunnet borna våre skal veksa opp i. Kvar vil samfunnet enda dersom ein fjernar seg frå det naturen lærer oss? Er det klokt å fjerna seg frå dei kristne normene som har vore fundamentet i samfunnet vårt i tusen år? Eg må sei at det er svært overflatisk å ikkje ta ein grundig debatt på dei historiske konsekvensane, når ein vurderer denne lovendringa.

.......................................................................................................................................................................

Revidert 25.04.2008

Takk for kommentaren din Cecilie:-) Det eg fyrst protesterer i mot er Regjeringa sin måte å få dette lovforslaget i gjennom på. Frankrike brukte over 1 år med grundig forsking, og kom fram til at det ikkje var barnets beste å ha ei slik lov. Kvifor kan ikkje Noreg gjera ei lika grundigare forsking, ev studert Frankrike sitt resultat og ta ein debatt på den i forkant av eit slik viktig val?


Trist å høyra at dine foreldre var skild! Eg har vore så heldig å få vokse opp med Mor og Far, det unner eg alle å oppleva! Dessverre er det mange barn i samfunnet i dag med aleine foreldre, kva seier det oss? Det seier oss at samfunnet har eit problem! Kvifor ikkje styrka ekteskapa som allereie er? For å kjøra bil må ein ta lappen, for å ha eit yrke må ein ha utdanning, men for å gå inn i eit ekteskap treng ein berre signera eit papir. Kvifor ikkje ha samlivskurs for alle som vil gifta seg? Å gå inn i eit ekteskap er eit av livets største val, både for ein sjølv og barna som ev kjem. Eg har møtt på haldningar som,” det er enklare å stikke enn å prøve å løyse problema i ekteskapet.” Slike haldningar er med på å rive ned samfunnet og er svært skadeleg for borna.


Du seier at om samfunnet godtar 2 fedrar eller mødrer så er alt ok. Er det sant? Kva viser naturen oss? Menn og kvinner er forskjellige og det er bra for born å ha begge deler. At alle ikkje har det, fratar ikkje barnet retten til det. FN sin barnekonvensjon seier: Artikkel 7.1. Barnet skal så langt det er mulig ha rett til å kjenne sine foreldre og få omsorg frå dem. Kva seier det oss? Med den nye lovgivningen har barnet ikke rett til å få hvite hvem faren er før barnet har blitt 18 år. Og dersom befruktning skjer i utlandet er det mogleg at bornet aldri får veta kven som er sin biologiske far. Jeg kjenner en gutt som hadde en far som var en fattig alkoholiker og uteligger, men alikevel var det viktig for barnet å få møte sin far. Dette er noe som ligger i alle mannesker og er et tomrom som en annen voksen ikke kan fylle. Har du lest om folk som har mødt sine biologiske søsken etter å ha vert adskilt kanskje hele livet? Blod er tykkere enn vann..


Som du seier så kjem me bort i dette på skulen, denne regjeringa vil nok forandre lærebøkene. Frå bie pluss blom, til blom + blom og kunstig befruktning, og sei at det er normalt, men er det sant? Er det kjærleik å forvirra små born og læra dei at noko som strid i mot naturen er det normale? Dei homofile har fulle rettighetar til å leva ut si legning i dag. Treng dei å tvinga igjennom sitt syn i heile samfunnet. Kva er rett og gale? Er det mindretalet i eit samfunn som tøyer grensene lengst, som set standaren for kva som er normalt? Kva ver det neste. Dei bifile? Ekteskap mellom 3 pers? Om ein går vekk i frå naturen som retningssnor så er det ein direkte progresjon. Kva vert det neste etterpå? Finnes det noko grense? Etikk som ikkje har bibelen som mal kan stadig forandras. Noen taler varmt for å senka den seksuelle lavalderen i Norge,,

Veke 07 - Måndag 11. Februar Spesialpedagogikk


Ynskje økta var fint laga til med fruktfat og lys, slikt gjer inntrykk på meg! Slikt er verkeleg noko eg ønskjer å ta med ut i lærar yrket! Temaet for økta er svært relevant i forhold til problemstillingar me møter på i skulekvardagen. Tilpassa opplæring er vektlagd i læreplanen for grunnskulen, her har me som lærarar ei viktig oppgåve. På Langeland skule har dei tatt i bruk IUP (Individuell undervisnings plan) for betre å tilpassa undervisninga til den enkelte eleven. Rektor sa at det er umulig å tilpassa undervisninga fullstendig til den enkelte eleven, det var ei av årsakene til at dei val IUP. Eg trur me som lærarar må prøva så godt me kan å ”sjå” den enkelte eleven og leggja til rettes tilpassa opplæring til den enkelte.

I førelesnings økta fekk me sjå ein film frå ein Engelsk skule. Der fekk elevane driva med forskjellige aktivitetar som, tv, kafè, lokal radio osv. Dette medførte at elevane vart engasjert og dei fekk nytta lærdomen sin i ein lokal kontekst. Skulens elevar auka karakternivået ein god del etter at dei gjennomførte dette tiltaket. Det var også interessant å høyra at tiltaket vart gjort etter ein grundig undersøking blant tilsette og elevar, der dei sa kva skule dei såg for seg. Dette var ein svært inspirerande film, som på ein glimrande måte gav eksempel på tilpassa opplæring.

I skulen vil me møta på elevar med særskilte behov. Det kan vera elevar med fysiske, kognitive (ADHD, lese og skrive vanskar) eller emosjonelle behov. I slike situasjonar er det viktig å ha ein god dialog med heimen og få stilt ein diagnose, dersom det ikkje føreligger. Ein diagnose vert stilt etter vurdering frå instansar som BUP og PP tenesta, i samarbeid med skule og heim. Ein diagnose er viktig for å få ekstra hjelp på skulen, etter opplæringslova § 5.

Større handikap
Tidlegare var dei fleste elevane som hadde eit større handikapp som blinde, døve osv på spesialskular, mens no skal dei fleste integrerast i vanlege klassar. Diverre har ein ikkje tilført desse klassane dei same midlane, som de ville ha kosta å ha desse elevane på ein spesialskule. I følgje rektor på Langeland skule er dette eit stort problem som har blitt omtalt alt for lite. Eit spørsmål ein kan stilla seg er også om det alltid er til elevens beste å bil integrert i ein vanleg klasse? I ein artikkel frå forsking.no som var lagt ut i samband med denne førelesninga står det at døve føretrekker spesialskular. Ein klar fordel med det er at dei får spesialutdanna lærarar, og dei er ikkje lenger ei mindretalsgruppe. Ungdomar i tenåra har som kjend eit sterkt behov for å kjenne seg inkludert, dette er ikkje alltid like lett når ein for eksempel er den einaste blinde på ein skule.

Linkane til sidene om at syns trening eller briller (i enkelte tilfeller) kan forhindra lese og skrive vanskar, var svært interessante. Det same var linken til programmet som nemnde biverknader ved ADHD medisinering. Dei vanlege ADHD medisinane er laga med basis i (narkotiske) stoff som kan gje langtids skadeverknader (for eksempel retalin er eit amfetaminbasert stoff). Sjølv om dosane skal væra små, så stiller eg spørjeteikn ved langtids effekten, for eksempel bruk over 20 – 40 år. Eit anna spørsmål eg stiller er: er dosane verkeleg små? Har sjølv møtt ein brukar av retalin som tydeleg var ”høg” eller påverka av det narkotiske stoffet. Nokre meiner blant anna at rett kosthald kan forhindra ADHD. Kanskje det burde vore forska meir på alternative behandlingsmetodar?

Men tilbake til kvardagen i skulen og læraren sine utfordringar. I artikkelen ” Den perfekte skolen” på forskning.no star det: ” "Umulige" elever med problem åtferd er meir utbredt i store klasser enn i små, og særlig blir det betre i klasser på mindre enn 15 elever, ifølge Terje Ogdens undersøking frå 1998 om elevåtferd og læringsmiljø.” Kanskje mindre klassar er den beste måten å forhindre bråk og samstundes lettare gje tilpassa undervisning til den enkelte? Mi erfaring etter praksis er i hvertfall at mindre klassar eller grupper gjev større rom for individuell tilpassing og meir ro.

Eg overhøyrte nyleg nokre som sa at det var meir uroleg på ein ny fin skule, enn det var på ein tilsvarande eldre bygda skule. Årsaka til dette trudde vedkomande låg i høgare del ”skilsmisse born” i det urbane bymiljøet. Kanskje større fokus på samlivs etikk, og moral i samfunnet kan snu ein slik ”moderne” trend?

Til slutt vil eg spørja: Korleis vil ein elles løysa det stadig aukande problemet med levar som har sosiale problem, og andre elevar med spesialbehov? Vil framtidas lærarar ha spesialpedagogikk som eit av dei obligatoriske faga? Fleire spesiallærarar og hjelpelærarar? Eller rett og slett mindre klassar og grupper med elevar?
.........................................................................................................................................................................
Svar på kommentar 18.04.2008
Takk, godt spørsmål. Eg trur det er betre med ein mindre klasse, enn fleire lærarar i klassen. Det er i hvertfall mi erfaring etter praksis i ein storklasse med 47 elevar. Der delte me til tider klassen inn i mindre grupper. Men eg trur at det ville vorte betre ro, flyt og kontakt med lærar, som me hadde hatt ein liten klasse.

mandag 31. mars 2008

SJØLVBILETE Måndag 4. Januar

Dette var ein interessant time. Me fekk høyra at læreplanen "den generelle delen" seier at skulen skal ha fokus på hovudet, hjarta og hender. Det er veldig bra! Eg fann ikkje dette i læreplanen, men eg fann eit anna sitat på side 7 der står det at ”Oppfostringa skal byggje på det syn at menneske er likeverdige og menneskeverdet ukrenkjeleg. Ho skal grunnfeste trua på at alle er unike: kvar og ein kan komme vidare i eigen vokster…” Det var også ei god setning om personleg vekst.

Vidare lærte me at i pedagogikken skilje me i mellom sjølvet ”eg” som er ubevist, og sjølvet ”meg” som er bevisst. Sjølvet er delt inn i tre deler. Superego der samvitet er, id som er dei psykiske krefter som jobbar for det personen vil, og ego som er ei samanblanding av dei to andre. Ego er vår personlegdom og den me ynskjer å presentera overfor andre. Vårt ubevisste ”eg” påverkar ”meg” og er utgangspunktet for mine handlingar og motivasjon.

Barn ser oftast på det dei gjer, som om det er den dei er. Som lærar er det svært viktig at me hugsar dette, og ”løftar” fram den enkelte eleven, sjølv om vedkomande for eksempel ikkje får til alle oppgåvene som skal gjerast.

”Pygmalion in the Classroom” eller Rosenthal effekten, visar at lærarens forventningar og tru på elevane, verkar inn på elevane.

Erikson har ei skisse med 8 nivå, der ei på kvart nivå enten kan få ei positiv eller negativ utvikling. (eller ei blanding) Sjølv om ein har eit resultat på eit nivå og går vidare, så kan resultatet på tidlegare nivå justerast. Ut i frå denne skissa har alle grunnleggjande utviklings behov, for eksempel tryggleik. Om disse behova ikkje er stetta så bærer personen med seg ein utviklings brist, som treng å verta utvikla. Eg las i bladet ”megafon” at rusmissbrukarar ofte har savna tryggleik frå dei var små. Kanskje mangel på trykkleik var ein av dei underligjande faktorane som gjorde at dei havna inn i rusavhengighet?

Attribusjonsteorien eller fortolknings teorien dreier seg om at me tolkar inntrykk ulikt, på bakgrunn av indre og ytre faktorar. Sjølvoppfatninga er ein tolkings faktor. Svært generelt sett tolkar gutar suksess som eit resultat av egen prestasjon og evner mens jenter tolkar suksess som eit resultat av flaks eller lette oppgåver.

Etter foredraget jobba me i lag i grupper. To og to las ein tekst i lag, og deretter skulle me diskutera. Me spora litt av i frå hovud temaet under diskusjonen, men min konklusjon vart at det ser ut som om maskuline verdiar vert favorisert i samfunnet. Kvinner behov for å yta omsorg og væra ”kvinnelige” vert ikkje sett på som det optimale, det vert derimot likestilling i form av at kvinner tar tradisjonelt sett mannsroller. Dette kan medføre at kvinner får mindre aksept på den dei er, indre sett, og dermed vert utryggara på sine indre evner. Menn derimot får heile tida aksept for å vera maskuline, og dermed har dei lettare for å tolka suksess som resultat av indre evner. Kvinner derimot, tolkar suksess oftare som eit resultat av flaks.