torsdag 7. februar 2008

Motivasjon 28 Januar

Først hadde me eit interessant foredrag av Åshild, som dreia seg om motivasjon. Deretter gjekk me i grupper.(Me var gruppe 1.) På vår gruppa leste me fyrst teksten kvar for oss, og deretter jobba me med å notera viktige punkt/særtrekk/verdt å huska. Då me skulle nytta dei resterande 40 minutt til å laga spørsmål, så fekk me beskjed om å komma til klasserommet for å sjå film. Me fekk derfor ikkje tid til å laga spørsmål.
Det som var viktigast i teksten me leste var følgjande:
Motivasjon er indre og ytre årsaker til ytre aktivitet. Når det gjelder å motivera andre så kan me huska regelen om at: ”det du ikkje vil at andre skal gjera mot deg skal du heller ikkje gjera mot dei”. Men fordi alle er forskjelligs, så treng me i tillegg kunnskap og erfaring for å behandla andre rett.

Det er tre dimensjonane i menneskets sinn det er: Kjensler, Motivasjon og våre tankar, vurderingar, planer og avgjersler i prega av den kulturen (konteksten) me lever i.

Når det gjelder jenter i skulen så har dei generelt sett ein tendens til å undervurdera sin egen dyktigheit og evne til å lukkast.

Her kjem ulike teoriar for motivasjon:

Det Behavioristiske perspektivet legg vekt på løn og straff som hovudårsak til at individet utfører ei handling. Dette prinsippet utnyttes effektivt i adferdsmodifikasjon og vert også nytta i karakter systemet.

Det kognitive perspektivet på motivasjon legg vekt på korleis tankane våre er med på å forma motivasjon. Kognitive teoriar har ein underforstått antaking om at mennesket er nysgjerrig og undersøkjande.

Den humanistiske motivasjonsteorien legg vekt på behovet for å være til nytte sem ein motivasjons faktor.

Behovs teoriar. Å forklara menneskets handling ut i frå grunnleggjande behov er blant dei tidlegaste og mest ålmenne oppfatningane om motivasjon. Behov kan komma ut i frå indre eller ytre ”mangeltilstandar” for eksempel, einsemd, fattigdom osv.

Når det gjeld indre og ytre motivasjon så er det eit ideal at elevane skal arbeida og læra ut i frå indre motivasjon, men ytre motivasjon blir lett dominerande.

Prestasjonsmotivasjon er å finna i større eller mindre grad i dei fleste kulturar. Bak prestasjonsmotivasjons teorien til Atkinson ligger ein versjon av den protestantiske etikk som går ut på at ditt kall i livet er å utnytte dine evner så godt du kan. Suksess er et teikn på Guds velsigning, ver tolmodig i ditt strev så vil Gud lønna deg i himmelen. Men denne teorien er ikkje dekkande for alle, kultur og kontekst må også med når ein skal måla prestasjonsmotivasjonen. Kvinners mjuke verdiar faller også på utsida av denne teorien.

Eit problem i eit samfunn med konkurranse orientert verdiorientering er at kvinner opplever at deira mjuke verdiar ikkje vert verdsett i samfunnet, Det fører igjen til lav motivasjon blant kvinner i forhold til yrkesval baset på mjuke verdiar.

Denne økta var lærerik og interessant, men eg trur det er viktig å jobba med denne teorien for å få den internalisert :-)