Dette var ein interessant time. Me fekk høyra at læreplanen "den generelle delen" seier at skulen skal ha fokus på hovudet, hjarta og hender. Det er veldig bra! Eg fann ikkje dette i læreplanen, men eg fann eit anna sitat på side 7 der står det at ”Oppfostringa skal byggje på det syn at menneske er likeverdige og menneskeverdet ukrenkjeleg. Ho skal grunnfeste trua på at alle er unike: kvar og ein kan komme vidare i eigen vokster…” Det var også ei god setning om personleg vekst.
Vidare lærte me at i pedagogikken skilje me i mellom sjølvet ”eg” som er ubevist, og sjølvet ”meg” som er bevisst. Sjølvet er delt inn i tre deler. Superego der samvitet er, id som er dei psykiske krefter som jobbar for det personen vil, og ego som er ei samanblanding av dei to andre. Ego er vår personlegdom og den me ynskjer å presentera overfor andre. Vårt ubevisste ”eg” påverkar ”meg” og er utgangspunktet for mine handlingar og motivasjon.
Barn ser oftast på det dei gjer, som om det er den dei er. Som lærar er det svært viktig at me hugsar dette, og ”løftar” fram den enkelte eleven, sjølv om vedkomande for eksempel ikkje får til alle oppgåvene som skal gjerast.
”Pygmalion in the Classroom” eller Rosenthal effekten, visar at lærarens forventningar og tru på elevane, verkar inn på elevane.
Erikson har ei skisse med 8 nivå, der ei på kvart nivå enten kan få ei positiv eller negativ utvikling. (eller ei blanding) Sjølv om ein har eit resultat på eit nivå og går vidare, så kan resultatet på tidlegare nivå justerast. Ut i frå denne skissa har alle grunnleggjande utviklings behov, for eksempel tryggleik. Om disse behova ikkje er stetta så bærer personen med seg ein utviklings brist, som treng å verta utvikla. Eg las i bladet ”megafon” at rusmissbrukarar ofte har savna tryggleik frå dei var små. Kanskje mangel på trykkleik var ein av dei underligjande faktorane som gjorde at dei havna inn i rusavhengighet?
Attribusjonsteorien eller fortolknings teorien dreier seg om at me tolkar inntrykk ulikt, på bakgrunn av indre og ytre faktorar. Sjølvoppfatninga er ein tolkings faktor. Svært generelt sett tolkar gutar suksess som eit resultat av egen prestasjon og evner mens jenter tolkar suksess som eit resultat av flaks eller lette oppgåver.
Etter foredraget jobba me i lag i grupper. To og to las ein tekst i lag, og deretter skulle me diskutera. Me spora litt av i frå hovud temaet under diskusjonen, men min konklusjon vart at det ser ut som om maskuline verdiar vert favorisert i samfunnet. Kvinner behov for å yta omsorg og væra ”kvinnelige” vert ikkje sett på som det optimale, det vert derimot likestilling i form av at kvinner tar tradisjonelt sett mannsroller. Dette kan medføre at kvinner får mindre aksept på den dei er, indre sett, og dermed vert utryggara på sine indre evner. Menn derimot får heile tida aksept for å vera maskuline, og dermed har dei lettare for å tolka suksess som resultat av indre evner. Kvinner derimot, tolkar suksess oftare som eit resultat av flaks.
mandag 31. mars 2008
Abonner på:
Innlegg (Atom)