lørdag 22. september 2007

Pedagogikk 10 September. Observasjon

I timen om observasjon, lærte me at i vitenskap kan observasjon faktisk produsera ny kunnskap. Det var interessant! Me jobbar heldigvis ikkje på det nivået ennå :-) Det viktige for oss no, er å trena på å sortera ut viktig informasjon, og å vurdera kva me verkeleg ser. (Ikkje kva me trur, eller ynskjer å sjå).

Artikkelen om Persepsjon var lærerik. Eg kjente meg igjen i måten ein vurderer om noko eller nokon er seriøs. Førsteintrykk, rykte, standard osv. Det er lett å gjere seg opp et førsteintrykk, og deretter sjå etter argument for å underbyggja den teorien. Det var veldig bra å bli gjort merksam på dette, slik at me kan væra open for å revurdera vårt syn.

Det er ulike observasjons typar: Loggbok, som me skal skriva no i praksis, dagbok, intervju, sosiogram, aktivitets skjema, video observasjon osv.
Eg stiller spørsmål ved Video observasjon, reknar med at det berre er lov dersom ein har godkjenning frå foreldre? Ellers var det interessant å høyra at sosiogram kunne nyttas i eit komplisert klikke miljø, for å kartleggja kven som er «stjerna» i klassen, og kven som vert mobba. På den måten kan ein få kontakt med «stjerna», ho kan ofte væra nøkkelen til å få slutt på mobbing! Me fekk og nokre skjema som ein kan nytta for eksempel i gym, når ein skal observera elevens nivå. Det er svært bra å ha! Når det gjaldt loggbok, så fekk me ei innføring der me blant anna lærte å dela notatarket i to, vertikalt. Me kunne skriva det me såg på venstre sida, og tolkinga på høgre sida.

Deretter fekk me i oppgåve å gå ut i vrimlearealet og skriva logg om nokon me såg der. Eg sat og observerte røykjarane. Det eg la merkje til, var at dei var svært sosiale. Bortimot alle prata med andre når dei røykte. Nokon prioriterte røyken so høgt, at dei pga tids press røykte mellom bita i brødskiva. Me gjekk derette inn og kom med innspel i plenum om kva me hadde observert.

Birgit sa også noko eg hugsar godt, det var å ha ein åpen holdning når ein står foran ei folkemengd. Stå avslappa tilbakelent med hendene i lomma, dette gir inntrykk av at du er avslappa og trygg, det tipset har eg tatt :-)

I neste time såg me nokre bilder med dobbel betydning, og me skulle finne kor mange tre kanter det vart i ein figur. Forstår at me ikkje alltid ser heile bildet med ein gong..!

Tilslutt fekk me i oppgåve å skriva logg når me vert utplassert. Loggen skulle være om born og skule, med diverse detaljar om kva born er optatt av, skulen osv. Denne loggen skulle være bakgrunns matriale for ein rapport der temaet var "korleis er born". Fokus i den rapporten skulle være på det positive og ikkje det spesielle.

Avsluttninga var eit bilde med overskrifta SMIL. (Å smile var omtalt både i artikkelen og tidligare i pedagogikken). Trur faktisk at å smile er viktig for å ha gode dialogar, og for å ha eit godt liv :-)

3 kommentarer:

Hanne Mari sa...

Hei. Eg synest at du har skreve eit veldig bra innlegg! Det var jo ganske langt, men det var ikkje kjedeleg å lese i det heile tatt.

Du har mange gode poeng, og mange eigne meiningar som du fint gjev uttrykk for i bloggen din. Dette synest eg er veldig bra.

Det einaste kritiske eg har å sei, er at det kanskje blir litt for mykje oppsummering. Spesielt på slutten. Kanskje du kan tenkje litt på det til neste gang? Synest likevel at du stort sett har klart dette også ganske bra.

Dette vart eit langt innlegg! Du må berre sei ifrå dersom eg formulerte meg dårlig, og det var noko du ikkje forstod.

Synest ellers avslutninga var kjempebra. Å smile er viktig :)

Hanne Mari :)

Anna Kristin sa...

Hei, Geir Martin!

Eg òg synest du skriv bra. Eg lærte faktisk nye ting av å lesa det, fordi du tenkjer annaleis enn meg. Så dette med blogging er kanskje ikkje så dumt. Eg slit med å vera kritisk ven enno...

Anna Kristin

Birgit E. Olsen Bratseth sa...

Hei, Geir Martin...
Eg kommenterer berre det med video-observasjon, og det er heilt korrekt at ein ikkje har høve til å gjera det UTAN foreldra sitt samtykke (elevar under 16 år), eller eleven sjølv sitt samtykke (eleven over 16 år)... Sjølv tykkjer eg det er greit å ta det opp med foreldra på eit foreldre møte uansett om det er på vgs eller i grunnskulen berre for å informera om KVIFOR ein vil video-observera og kva hensikten med prosjektet ev. er...

Eg vil oppfordra om å ta ein kikk her på Datatilsynet sine sider, dei har mange gode råd:
http://www.datatilsynet.no/templates/article____897.aspx


Birgit :-)