fredag 26. oktober 2007

Uke 42 og 43 Framføring av pedagogisk grunnsyn.

Tenkt
Under planlegginga av framføringa valgte me å ha hovedfokus på sosiokulturelt lærings syn, da dette læringsynet var det me kunne sammeinast mest om. Me valte å ha ei framføring der me både brukte powerpoint, tavleundervisning, musikk, drama, dialog, og gruppearbeid. Dette var for å få fram at me har tru på å utvikla flest mulig av lærings intelegensane.

Lært / Lurt
Sammspellet i gruppa har blitt utvikla i denne perioden, me har blant anna jobba saman om nye oppgåver som drama og song, og det har gått veldig bra. Ellers lærte eg blant anna meir om dei forskjellige inteligensane på framførings dagen. Eg synest det var veldig bra sagt at: «ingen er «lurere» enn andre, men alle er flinke på forskjellige områder!» Dette er ein holding eg vil prøva å ta med ut i praksis! Lærte og at Skinner har sagt at ein ikkje må gje ros/belønning kvar gong, for då vil eleven forventa det, men ein bør gje ros/belønning av og til. Det er og eit godt poeng i forhold til praksis.

Gjort
Tok den engelske MI testen som stod på Bergsdalen skole sin hjemme side: http://www.bgfl.org/bgfl/custom/resources_ftp/client_ftp/ks3/ict/multiple_int/questions/choose_lang.cfm
:-)
Praksis gruppa vår framførte opplegget me hadde forberedt. Først song me ”God morgon alle saman”. Ein lærer jo best når ein har det kjekt, og ein slik felles song skaper glede og engasjement, som igjen gjer studentane opne for å tilegna seg kunnskap!
Deretter spelte me ein skule situasjon der læraren stilte oppgåve spørsmåla, til klassen. Måten elevane svarte på skulle underbyggja svaret. For eksempel spørsmålet: ”Korleis meiner du born lærer?”. For å løysa det spørsmålet måtte studentane jobba i lag og nytta forskjellige hjelpemiddel som lærebok og internett. Svaret studentane gav, var måten dei hadde nytta for å finna svaret! :-)

onsdag 17. oktober 2007

uke 41 Finne vårt pedagogiske grunnsyn..

Tenkt
Mandag 8 oktober fekk me i oppgåva å finna vårt pedagogiske grunnsyn.
Trur mitt grunnsyn så langt er behavioristisk, sosiokulturelt og påvirka av ein del andre i tillegg..

Lært
Me har fått meir forståing for dei forskjellige pedagogiske læringsteoriane. Spesielt når det gjelder det sosiokulturelle læringsstilen har eg lært mykje. For eksempel «speilegget», eller eleven og den proksimale utviklingssona.

Lurt
Forstår at det er lurt å ha ein klar bevissthet om sitt pedagogiske grunnsyn.
Ser meir kor viktig det er å sjå at kunnskap kjem i dialog med andre.

Gjort
Me fordelte dei 11 pedagogane mellom oss. Eg fekk B.F. Skinner, John B. Watson og Ivan Pavlov. Deretter sammtalte me om kva dei enkelte sto for, spesielt med tanke på dei 5 spørsmåla me skulle svara på. Me laga ei oppsumering, og deretter snakka me med Birgit. Ho ba oss bruka meir fag termiologi, og å setja oss meir inn i det faglege språket og tankegongen. Me justerte deretter innhaldet og opplegget og planla frammføringa.

fredag 5. oktober 2007

Forelesning om å leia basisgrupper. 1. Oktober

Setter opp bloggen temavis, slik at eg får betre oversikt..


Tenkt
Vart imponert av velkomsten til timen om morgonen. Levande lys, blomar og ei personleg helsing til alle. Det gjorde inntrykk. Birgit praktiserer det ho preikar! Eg har aldri opplevd noko liknande!


I etterkant er det noko eg har tenkt særskilt mykje på.
Læraren gav sist ei beskriving av Honningsvåg, som dessverre stemmer med den eg har fått frå folk som kjem der i frå, og som har vert der. Ho sa at dette var eit eksempel på korleis ein lærar ikkje bør framstilla ein plass. Dette fordi ein berre trekk fram negative sider, og heilt ignorerer dei positive. Noko eg er einig i. Deretter sa læraren (om eg hugsar rett) noko som ”Eg vert svært opprørt over slikt! Eg er sterkt i mot slik uthenging, og at lærarar prakkar kristendom på elevar, dette må vi ikkje ha noko av”.


Det er eg og heilt einig i. Ein skal heller ikkje prakka kristendom på elevar. Men kvifor tar læraren dette med i same rennet? Var det for å på nytt sjekka om me reagerer på at ho henger ut nokon? (Dei kristne lærarane.) Eller var det berre tilfeldig? Var det ein annan grunn? Eller var det fordi det i dag dessverre er ein sterkt trend mot kristendom i skulen?
Det trur eg kjem av at me før hadde kristendomsundervisning, og mange opplevde det som å bli påtvinga ei tru dei ikkje delte i same grad. Men no er det KRL undervisning! Fleirtalet av lærarar er i dag ikkje personleg kristne så langt eg veit. Eg har heller ikkje lest eller høyrt om nokon forsking som tilseier at kristne lærarar er mindre nøytrale enn for eksempel ateistiske eller humanistiske lærarar, som har sin religion. Når ein seier at ein ikkje skal påtvinga kristendom, seier ein ikkje då indirekte at det er dei kristne lærarane som påtvingar sin religion , mens ateistiske, humanistiske eller muslimske ikkje gjer det, eller gjer det i mindre grad? Kan det bevisast at kristne lærarar er mindre profesjonelle når det gjeld å væra nøytral? Kvifor brukte ikkje læraren ”påføra sitt religiøse synspunkt” i staden for” påføra sitt kristne synspunkt”? Er ikkje det å stigmatisera ei mindretalsgruppa blant lærarane og sei at dei er verre enn andre?


Eg har sjølv opplevd lærarar som i forskjellige fag trekk fram negative sider ved kristentrua eller fleipa med innhaldet i trua. Det er svært sjeldan nokon reagerer dersom ein lærar kjem med eit humanistisk eller ateistisk synspunkt! Er ikkje dette like gale som å påtvinge kristentrua? Det verkar som ateisme/humanisme er mykje meir akseptert, og praktisert, kvifor vert ikkje det kritisert?!
Dette har også andre studentar tenkt på.


Elles har eg tenkt på noko som stod i linken ”Sosial læring i skulen”, under tema ”Etnisitet og konflikter” Der stod det: ” Skolen og lærerne må ha forståelse for at det blant foreldre og elever eksisterer forskjeller på hva som aksepteres som sosialt akseptabelt og verdsatt.”


Nokon tenker då det betyr at det ikkje må bli for mykje kristendom på for eksempel muslimske born. Men eg trur ikkje det er heile bildet. Muslimske born har foreldre som kjem frå ein kultur der religionen er integrert i alle livets aspekt, dei fleste har nok ei forventning om at det er ein kristen profil på skulen i eit kristent land. På Langeland skule hadde det for eksempel aldri hendt at foreldre til muslimske born hadde søkt om fritak frå KRL undrevisninga. Dette var fordi dei ønskjer at borna skal få del i den norske kristne kulturen. Det er også muslimar som ynskjer å ha borna sine på kristne privatskular:
sjå link: http://idag.no/aktuelt-oppslag.php3?ID=2908


Eg trur muslimar flest reagerar mest på vestlig sekulær livstil som umoral, banning, og mangel på respekt for andre sin religion.


For å læra elevane respekt for andre sin religion bør me læra dei respekt for vår eigen religion, og der bør læraren væra eit forbilde. Om læraren talar negativt eller heng ut vår kristne tradisjon, gir han ikkje signal til elevane om at det er ok å snakka negativt eller hengja ut andre sin religion?


Endå verre: Når store media som NRK, TV 2 kjem med sjkane av kristne leiarar, brenner bibelen osv, kan ein forvanta anna enn at norske born har same holdningar ovenfor feks Islam og koranen? Her treng Norge å vakna opp og bli betre når det gjeld respekt, toleranse og integrering.

Sjå link: http://www.bt.no/innenriks/article256525.ece


Lært
I denne timen lærte eg at 80 % av landets formue ligger i kunnskapen til innbyggjarane i Noreg! Det viser verdien av kunnskapen! Lært og at i holdnings førebyggjande arbeid så er det lurt å få med foreldra på å ikkje snakka negativt når borna høyrer på, for eksempel om innvandrarar eller læraren. Har foreldra noko i mot skulen, så er det betre å ta det opp direkte med lærar.


Lurt
(Betyr lurt at jeg har lurt på det etterpå, eller at jeg synest noe var lurt?)
Eit lurt tips me fekk, var at dersom me ikkje rår med klassen, så er det betre å be om hjelp enn å venta til det er for seint og nokon andre må overta den skakk kjøyrde klassen.


Gjort
Alle skulle presentera forskjellige arbeidsmetodar for klassen. Eg var blant dei som skulle presentera gruppearbeid/samarbeidslæring. Det var lærerikt å jobba med oppgåva. Trur eg fekk satt i system ein del tankar eg hadde om gruppe arbeid, og lært nokre nye ting. Det var også lærerikt å få høyra om andre arbeidsmetodar.



Revidert 7. 10

Takk Franny for kommentaren!
Når det gjeld kva eg tenkjer/har lært i forhold til sjølv å leia ei basisgruppe så er det følgjande: Utgongspungtet for all god læring er ein god relasjon til den enkelte eleven. Eg vil jobba for å få det. Prøva å sjå den enkelte og ha ein dialog. Det er også viktig å ha ein god relasjon til foreldrene og jobba på lag med dei. Kanskje få dei med på eit prosjekt som, å pusse opp klasserommet eller skole bedrift?

Faglig forbereing er viktig, det er også autoritet i klassesituasjonen. For å ha autoritet er ein god relasjon viktig. Deretter er det viktig å ha forståelse for den enkelte, og ha tydelige grenser.
Det er ekstra viktig å væra våken for uro når klassen skiftar aktivitet.

Ellers trur eg elevane har lettare for å læra i trivelige omgivelser....!


Revidert 11.10.07

Takk Birgit for kommentaren, du vei sjølv best kva du meinte.

Eg meiner det eg skreiv, og er glad for at det ikkje gjaldt deg.
:-)