(lesarinnlegg i avisa Sunnhodland 17.04.08) Familiepolitisk talsperson i SV May Hansen, skriv i Dagen Magazinet 8 april: "Motstandere av felles ekteskapslov insisterer på at ekteskapet skal være en institusjon mellom mann og kvinne hvorfor?" Deretter sier May, at ho ikkje forstår kvifor hennar ekteskap kan truas av at lesbiske eller homofile par ho kjenner får rett til å gifta seg. Som gift lærarskulestudent, og far til 3 born, vil eg svara på denne utfordringa, og stilla spørsmål til lovforslaget.
Skal ein debatera denne lovendringa, så meiner eg at ein må sjå på konsekvensane for samfunnet. Det er ikkje noko slåande argumet å sei at det handlar om eit homofilt venepar. Denne lova medfører eit paradigmeskifte i Norg! I alle store kulturar og religionar, har ekteskapet mellom kvinne og mann vore fundamentet for kjernefamilien. Det finnes ikkje nokon viktigare institusjon i eit samfunn enn familien. Når ein omdefinerer eit så viktig begrep, rokkar ein ved samfunnet sitt fundament. Skal ein no omdefinera ekteskapet i alle skulebøker, og sei at det er kjønns uavhengig? Som lærar møter eg på denne problemstillinga. Kan eg risikera å mista jobben, dersom eg i framtida skulle sei at det er best for eit born å veksa opp med mor og far? Dette vil verta eit av kosekvensane, dersom forslaget vert vedtatt. Kva med seksualundervisninga? Kor mange forskjellige former for sex skal læraren undervisa barna i? Eventuelt kvar skal grensene gå? Dersom ein fjerner skaparverket sine rammer for kva som er normalt, så kan grensene stadig verta endra.
Dei homofile skal få like rettar til å verta foster foreldre, er eit av forslaga. Har ein igjennom grundig forskning komen fram til at ein mann kan erstatta ei mor? Eller kan ei kvinne på lik linje stetta behova eit barn har for å ha ein maskulin far? Her må vi tenke på barnet sitt beste!
Denne forhasta prosessen i forhold til lovforslaget, ber preg av ei lite reflektert regjering som kjører igjennom sine idèar, utan å ta hensyn til folket. Kvifor har ikkje regjeringa nedsatt ein kommisjon på lik linje med Frankrike? I følge nettstaden "mor far barn" nedsatte presidenten for det franske parlamentet ein kommisjon, som i 2006 konkluderte med at Frankrike ikkje bør innføra kjønnsnøytrale ekteskapslover. Med basis i barnets rettighetar konkluderer også kommisjonen med at Frankrike ikkje bør legalisera homofil adopsjon eller kunstig befruktning for lesbiske. Kommisjonen bestod av 30 personar fra ulike politiske partier og fra diverse fagfelt. Dei arbeida i eit år og besøkte blant anna Spania, Belgia, Nederland og Canada, som alle har innført kjønnsnøytrale ekteskapslover. Faktisk har ingen andre land i verda gjort et så grundig arbeid omkring temaet som Frankrike har gjort. Då f.eks. Canada og Spania innførte kjønnsnøytral ekteskapslov i 2005, skjedde det i stor grad på grunnlag av politisk "korrekthet" og ideologiske kjepphestar. Barnas rettighetar og lovas effekt på samfunnsutviklinga vart i stor grad ignorert. Vil det samme skje i Noreg? Kvifor har det ikkje vore ei grunding utredning og ein gjennomgåande debatt i samfunnet, før dette lovforslaget skal fremast?
Lova endrar på grunnpilaren i samfunnet borna våre skal veksa opp i. Kvar vil samfunnet enda dersom ein fjernar seg frå det naturen lærer oss? Er det klokt å fjerna seg frå dei kristne normene som har vore fundamentet i samfunnet vårt i tusen år? Eg må sei at det er svært overflatisk å ikkje ta ein grundig debatt på dei historiske konsekvensane, når ein vurderer denne lovendringa.
.......................................................................................................................................................................
Revidert 25.04.2008
Takk for kommentaren din Cecilie:-) Det eg fyrst protesterer i mot er Regjeringa sin måte å få dette lovforslaget i gjennom på. Frankrike brukte over 1 år med grundig forsking, og kom fram til at det ikkje var barnets beste å ha ei slik lov. Kvifor kan ikkje Noreg gjera ei lika grundigare forsking, ev studert Frankrike sitt resultat og ta ein debatt på den i forkant av eit slik viktig val?
Trist å høyra at dine foreldre var skild! Eg har vore så heldig å få vokse opp med Mor og Far, det unner eg alle å oppleva! Dessverre er det mange barn i samfunnet i dag med aleine foreldre, kva seier det oss? Det seier oss at samfunnet har eit problem! Kvifor ikkje styrka ekteskapa som allereie er? For å kjøra bil må ein ta lappen, for å ha eit yrke må ein ha utdanning, men for å gå inn i eit ekteskap treng ein berre signera eit papir. Kvifor ikkje ha samlivskurs for alle som vil gifta seg? Å gå inn i eit ekteskap er eit av livets største val, både for ein sjølv og barna som ev kjem. Eg har møtt på haldningar som,” det er enklare å stikke enn å prøve å løyse problema i ekteskapet.” Slike haldningar er med på å rive ned samfunnet og er svært skadeleg for borna.
Du seier at om samfunnet godtar 2 fedrar eller mødrer så er alt ok. Er det sant? Kva viser naturen oss? Menn og kvinner er forskjellige og det er bra for born å ha begge deler. At alle ikkje har det, fratar ikkje barnet retten til det. FN sin barnekonvensjon seier: Artikkel 7.1. Barnet skal så langt det er mulig ha rett til å kjenne sine foreldre og få omsorg frå dem. Kva seier det oss? Med den nye lovgivningen har barnet ikke rett til å få hvite hvem faren er før barnet har blitt 18 år. Og dersom befruktning skjer i utlandet er det mogleg at bornet aldri får veta kven som er sin biologiske far. Jeg kjenner en gutt som hadde en far som var en fattig alkoholiker og uteligger, men alikevel var det viktig for barnet å få møte sin far. Dette er noe som ligger i alle mannesker og er et tomrom som en annen voksen ikke kan fylle. Har du lest om folk som har mødt sine biologiske søsken etter å ha vert adskilt kanskje hele livet? Blod er tykkere enn vann..
Som du seier så kjem me bort i dette på skulen, denne regjeringa vil nok forandre lærebøkene. Frå bie pluss blom, til blom + blom og kunstig befruktning, og sei at det er normalt, men er det sant? Er det kjærleik å forvirra små born og læra dei at noko som strid i mot naturen er det normale? Dei homofile har fulle rettighetar til å leva ut si legning i dag. Treng dei å tvinga igjennom sitt syn i heile samfunnet. Kva er rett og gale? Er det mindretalet i eit samfunn som tøyer grensene lengst, som set standaren for kva som er normalt? Kva ver det neste. Dei bifile? Ekteskap mellom 3 pers? Om ein går vekk i frå naturen som retningssnor så er det ein direkte progresjon. Kva vert det neste etterpå? Finnes det noko grense? Etikk som ikkje har bibelen som mal kan stadig forandras. Noen taler varmt for å senka den seksuelle lavalderen i Norge,,
2 kommentarer:
Hei, det er ein utruleg vanskeleg , men interessant og ein svært viktig debatt du vel å kommentera i bloggen din. Den fekk meg til å tenkja litt på mine eigne synspunkt i ein slik debatt . Det er mykje å ta omsyn til, og her er soleklart borna viktigast. Det er mange spørsmål ein må stilla seg. Personleg meiner eg at så lenge borna får den kjærleiken og omsutene dei har krav på, er det vel ikkje noko problem?
Du nemner "kjernefamilie" i bloggen din, og det får meg til å undrast litt. For i eit moderne samfunn finast det få såkalla kjernefamiliar. Det er ganske mange born som blir oppfostra av berre ein av foreldra, og det er mange årsaker til dette. Aldri har talet på skilsmisser vore høgare enn det er nå. Kva seier dette oss?
Eg er sjølv eit skilsmissebarn og eg veit kor stor skade skilsmisse gjer i ein familie. Er det ikkje betre at homofile par får gifta seg å få born og mest sannsynleg leva lykkelige?
Problematikken for borna om dei blir oppfostra av to fedrar eller to mødrer er kun styrt av samfunnet, og det er mest sosiale konfliktar som oppstår. Godtar samfunnet dette, vil nok den sosiale konflikten oppløysas til slutt, og borna vil nok få eit vel så godt heim som andre born, me berra ein far, eller ein far og ei mor.
Når me drar dette inn i skulen så må ein som lærar jobba med dette nesten kvar dag. Born kommer til å spørja, og det er her problematikken me kva ein skal svara komme inn. Men hadde samfunnet akseptert dette så hadde det vel vert greitt, me kunne jo da bare svart så at det er en menneske rett å leve som ein vil. Ekteskap er jo at ein leve saman med ein man elskar og vil dele resten av vårast liv med? Er det ikkje da det same kas kjønn vedkomande har, så lenge dei har det bra i lag?
Til slutt vil eg seia at det er utruleg kjekt å lesa bloggane dine. Å spennande at du vil trekka tema som nemnt her inn i bloggen din! Lykke til med sluttføringa
Hei, eg er heilt enig i at regjeringa bør undersøka nerare konsekvensane av ein slik lov, men som nemnt tildligare er samfunnsutviklinga slik, at dette er eit veldig sentralt tema.
Det eg synst me burde dra inn i ein slik diskusjon, er at dei homofile para som vel å leva saman, og har lyst på barn, kan adoptera? Eg veit det er mange som er kritiske her, men det finnst milionar av born ute i verda, som er foreldrelause og utan bustad. Er ikkje då adopsjon eit betre alternatvi for desse borna? Sjølv om det "ideelle" er å vakse opp med far og mor, må det vera betre med to fedre eller mødre enn ingen?
Det er utruleg motiverande å lesa bloggane dine, eg ser du sett deg skikkeleg inn i stoffet, og har veldig mange bra sitat, komentara osv...
Du setter meg rett å slett litt ut :)
Legg inn en kommentar