onsdag 30. april 2008

Refleksjonsnotat

Studiet i pedagogikkfaget har vore ei reisa inn i pedagogikkens verden, eg har blitt kjend med blant anna Vygotsky og Gardner. Eg må sei at spesielt desse to har gjort stort inntrykk på meg og lært meg mykje.

Eg føler at den pedagogiske kunnskapen har vorte intenalisert særskildt i gjennom praksis, dialog med medelevar, og igjennom bloggen.

Den har vore til stor hjelp for å måtta "ta tak" i stoffet og jobba med det når eg kom heim etter forelesningane.

Praksis perioden var svært nyttig, då fekk eg ei større forståing for det Birgit sa i ein time. "Det viktigaste me kan læra elevane er empati."

Å væra lærar handlar om å forhalda seg til verdifulle menneske.

Me har ei stor inflytelse på elevane, som rollemodell. Då er det viktig at me har positive haldningar til den enkelte eleven og viser at alle er lika verdifulle uansett ytre forhold!

Arbeidet med mappeoppgåva har gjort at eg har fått ei større forståing, for kva det er å undervisa ved hjelp av undersøkingslandskap. Og korleis ein skriver ei oppgåve, noko som også er viktig.

1 kommentar:

Birgit E. Olsen Bratseth sa...

Hei, Geir Martin...
Takk for i år, det har vore kjekt å bli betre kjend med deg...

Birgit :-)