I praksis før jul, følte eg ikkje at eg heilt meistra det å væra lærar. Det var heile tida ting som eg gjorde feil. Men denne gongen var det litt betre. I fleire av timane opplevde eg ein større grad av meistringsfølelse, enn det eg hadde før jul. Likevel var det fleire felt, der eg merka rom for forbetring. J Det eine var når det gjaldt å halda ro i klassen. Eg opplevde i fleire timar at elevane var urolege, og det var fleire årsaker til dette. Den eine årsaka var nok at eg stressa i forhold til å gjennomføra undervisningsopplegget i timen. Det gjorde at eg oversåg at nokre av elevane sat uroleg. Dette medførte igjen til at fleire elevar vart urolege, før eg vart merksam på problemet. Ei anna årsak til uro i enkelte timar kan ha vore at eg ikkje var tydeleg nok leiar, og dermed ville nokre av elevane "prøva seg". Eit anna forbetrings område, er å få større erfaring og forståing i forhold til å tilpassa undervisninga til elevane. I ein engelsktime skulle eg få elevane til å lesa høgt. Eg var ikkje sikker på kven som kunne lesa åleine, difor let eg dei lesa høgt i lag. Dette førte til at nokre av elevane ikkje var med, medan andre las svært lågt. Hadde eg spurt kven som ville lesa høgt, så kunne dei ha fått lesa høgt. Dei andre kunne eg ha lest i lag med, og dermed hadde det nok vorte betre høgtlesing. Då eg oversette leksa, så las eg også for lange setningar før eg oversette. Kortare setningar, og i tillegg å skriva meir på tavla, ville medført at elevane fekk meir med seg.
Ein lærar har mange oppgåver. Han må for eksempel sei til elevane kva bøker dei skal ha med, og minna dei på heimeleksa. Eg har lært i denne praksis perioden, at det er svært viktig å skriva beskjedar opp på tavla. I tillegg er det viktig å seia dei tydeleg og gjerne fleire gonger, slik at ein er sikker på at elevane får dei med seg. Når ein førebur ein time, så er det lurt å tenka igjennom heile timen, og tenka: Har eg hugsa å skriva opp alt? Kan det skje noko som gjer at eg må ha eit reserve opplegg, for eksempel: elevane kjem ikkje på internett. Har eg rikeleg undervisningsopplegg til timen? Er opplegget godt nok tilpassa elevane sitt nivå? Er det noko eg bør spørja klassens kontaktlærar om, før eg bestemmer alle detaljane? Ein kan nesten aldri væra godt nok førebudd. I tillegg så må ein ikkje væra så fastlåst i det ein har planlagt, at ein ikkje kan ta visse forandringar under vegs, om ein opplever at det må til for å få betre utbytte av undervisninga.
Når det gjeld motivasjon som me hadde fokus på i denne perioden, så prøvde eg på å væra oppmuntrande i kontakt med den enkelte elev. Men pga ein del uro i blant enkelte elevar, så var det nokre som fekk meir formaningar enn dei fekk oppmuntring. Eg merka også på meg sjølv at eg hadde mest lyst til å oppmuntra dei som var fagleg sterke eller "minder urolege". På tross av det trur eg at mange fekk oppleva at eg hadde tru på dei som person, og at eg såg deira potensiale til å læra meir. Fleire av elevane sa at eg var ein god lærar, og det tok eg som ei stadfesting på at eg hadde klart å formidla tru på den enkelte.
I ein av dei siste timane viste eg lysbilete frå China. Den timen var særskilt kjekk, og gav meirsmak. Generelt sett var det også kjekt å bli betre kjent med elevane i denne perioden, og merka at dei sette pris på undervisninga. Større grad av meistringsfølelsen har gjort at eg er meir overbevist om å verta lærar no, enn det eg var før jul.
.............................................................................................................................................................
Revidert 23.04.2008
Takk for spørsmålet Mariann :-)
I denne praksis perioden skulle me ha ekstra fokus på bruken av digitale verktøy, difor gjorde me fylgjande:
Veke 9 viste me elevane ”Gule sider kart” og ”Google Earth”. Me sette stolane saman i klasserommet, slik at trinnet sat samla som i eit fly, i retning storskjermen. Deretter viste me Langeland skule på ”Gule sider kart”, og gjekk vidare til ”Google Earth” der me viste dei Island, Kenya i Afrika, Kina i Asia, Australia i Oseania og Titikakasjøen i Peru / Bolivia i Sør Amerika. Denne timen var for å visa gje dei ei innføring i korleis dei kan bli betre kjent med land og byar via” Gule sider kart”, og ”Google Earth”.
Veke 10 hadde me ein pc stasjon på fredagen, der arbeida elevane med samfunnsfag på ”Gaia” sine internettsider. Veke 11 hadde me arbeidsplan på tysdagen, der var ei av oppgåvene å spela på nynorsk internettsida til Cappelen. Onsdagen hadde me stasjonar i matematikk, samfunnsfag og norsk. På matematikk stasjonen løyste elevane multiplikasjons oppgåver på internett. Det var det me fekk gjort med digitale verktøy denne gongen :-)
........................................................................................................................................
Revidert 29.04.2008
På spørsmålet frå Cecilie, om det var lett å undervisa så må eg sei både ja og nei. Enkelte ting syntes eg var lett å læra frå meg. Feks i KRL timane, og til dels i matematikk timane. Men i andre timar som Engelsk, følte eg det var litt vanskeleg å tilpassa undervisninga skreddersydd til elevane. Og dermed vart det vanskeleg å læra frå seg. Men det er vel noko me kjem inn i etter kvart :-)
3 kommentarer:
Hei Geir Martin:)
Kjekt å lesa om dine erfaringar frå praksis. Denne perioden skulle me ha ekstra fokus på bruken av digitale verktøy? Fekk de brukt det i undervisninga?
Det var godt å se at du har lært mye fra praksis og i det hele tatt sett dine egne "feil" og hvordan du kan gjøre det bedre. Det er sant som du sier at en kan aldri planlegge godt nok, for en vet aldri hvilke uforutsette hendelser som kan dukke opp.
Jeg var også i samme situasjon som deg, veldig usikker på om lærerutdanningen var noe for meg. Jeg tror at dette kan ha med at det er helt nytt for oss, som gjør det nesten litt "skremmende". Men jeg merker i vertfall selv at jeg har blitt mer varm i trøya, bedre kjendt med elevene, og det hjelper jo på.
Jeg vil bare ønske deg lykke til videre på veien og håper at du vil trives videre også!
Er så kjekt å lesa bloggar om praksis:) Eg trur mange av studentane ”slit” med litt av dei same kjensla når det gjeld å tre inn i lærarrolla. Møkje av grunne er vel at me har lite erfaring i yrke som lærar. Men det er jo derfor me studerar, og eg tenkjer slik at jo meir ”feil” me gjer jo meir lære me ;)
Korleis syns du det var å formidla kunnskapen di til elevane? Var det ”lett” og læra ifrå seg syns du ?
Cecilie :)
Legg inn en kommentar