torsdag 17. april 2008

Veke 07 - Måndag 11. Februar Spesialpedagogikk


Ynskje økta var fint laga til med fruktfat og lys, slikt gjer inntrykk på meg! Slikt er verkeleg noko eg ønskjer å ta med ut i lærar yrket! Temaet for økta er svært relevant i forhold til problemstillingar me møter på i skulekvardagen. Tilpassa opplæring er vektlagd i læreplanen for grunnskulen, her har me som lærarar ei viktig oppgåve. På Langeland skule har dei tatt i bruk IUP (Individuell undervisnings plan) for betre å tilpassa undervisninga til den enkelte eleven. Rektor sa at det er umulig å tilpassa undervisninga fullstendig til den enkelte eleven, det var ei av årsakene til at dei val IUP. Eg trur me som lærarar må prøva så godt me kan å ”sjå” den enkelte eleven og leggja til rettes tilpassa opplæring til den enkelte.

I førelesnings økta fekk me sjå ein film frå ein Engelsk skule. Der fekk elevane driva med forskjellige aktivitetar som, tv, kafè, lokal radio osv. Dette medførte at elevane vart engasjert og dei fekk nytta lærdomen sin i ein lokal kontekst. Skulens elevar auka karakternivået ein god del etter at dei gjennomførte dette tiltaket. Det var også interessant å høyra at tiltaket vart gjort etter ein grundig undersøking blant tilsette og elevar, der dei sa kva skule dei såg for seg. Dette var ein svært inspirerande film, som på ein glimrande måte gav eksempel på tilpassa opplæring.

I skulen vil me møta på elevar med særskilte behov. Det kan vera elevar med fysiske, kognitive (ADHD, lese og skrive vanskar) eller emosjonelle behov. I slike situasjonar er det viktig å ha ein god dialog med heimen og få stilt ein diagnose, dersom det ikkje føreligger. Ein diagnose vert stilt etter vurdering frå instansar som BUP og PP tenesta, i samarbeid med skule og heim. Ein diagnose er viktig for å få ekstra hjelp på skulen, etter opplæringslova § 5.

Større handikap
Tidlegare var dei fleste elevane som hadde eit større handikapp som blinde, døve osv på spesialskular, mens no skal dei fleste integrerast i vanlege klassar. Diverre har ein ikkje tilført desse klassane dei same midlane, som de ville ha kosta å ha desse elevane på ein spesialskule. I følgje rektor på Langeland skule er dette eit stort problem som har blitt omtalt alt for lite. Eit spørsmål ein kan stilla seg er også om det alltid er til elevens beste å bil integrert i ein vanleg klasse? I ein artikkel frå forsking.no som var lagt ut i samband med denne førelesninga står det at døve føretrekker spesialskular. Ein klar fordel med det er at dei får spesialutdanna lærarar, og dei er ikkje lenger ei mindretalsgruppe. Ungdomar i tenåra har som kjend eit sterkt behov for å kjenne seg inkludert, dette er ikkje alltid like lett når ein for eksempel er den einaste blinde på ein skule.

Linkane til sidene om at syns trening eller briller (i enkelte tilfeller) kan forhindra lese og skrive vanskar, var svært interessante. Det same var linken til programmet som nemnde biverknader ved ADHD medisinering. Dei vanlege ADHD medisinane er laga med basis i (narkotiske) stoff som kan gje langtids skadeverknader (for eksempel retalin er eit amfetaminbasert stoff). Sjølv om dosane skal væra små, så stiller eg spørjeteikn ved langtids effekten, for eksempel bruk over 20 – 40 år. Eit anna spørsmål eg stiller er: er dosane verkeleg små? Har sjølv møtt ein brukar av retalin som tydeleg var ”høg” eller påverka av det narkotiske stoffet. Nokre meiner blant anna at rett kosthald kan forhindra ADHD. Kanskje det burde vore forska meir på alternative behandlingsmetodar?

Men tilbake til kvardagen i skulen og læraren sine utfordringar. I artikkelen ” Den perfekte skolen” på forskning.no star det: ” "Umulige" elever med problem åtferd er meir utbredt i store klasser enn i små, og særlig blir det betre i klasser på mindre enn 15 elever, ifølge Terje Ogdens undersøking frå 1998 om elevåtferd og læringsmiljø.” Kanskje mindre klassar er den beste måten å forhindre bråk og samstundes lettare gje tilpassa undervisning til den enkelte? Mi erfaring etter praksis er i hvertfall at mindre klassar eller grupper gjev større rom for individuell tilpassing og meir ro.

Eg overhøyrte nyleg nokre som sa at det var meir uroleg på ein ny fin skule, enn det var på ein tilsvarande eldre bygda skule. Årsaka til dette trudde vedkomande låg i høgare del ”skilsmisse born” i det urbane bymiljøet. Kanskje større fokus på samlivs etikk, og moral i samfunnet kan snu ein slik ”moderne” trend?

Til slutt vil eg spørja: Korleis vil ein elles løysa det stadig aukande problemet med levar som har sosiale problem, og andre elevar med spesialbehov? Vil framtidas lærarar ha spesialpedagogikk som eit av dei obligatoriske faga? Fleire spesiallærarar og hjelpelærarar? Eller rett og slett mindre klassar og grupper med elevar?
.........................................................................................................................................................................
Svar på kommentar 18.04.2008
Takk, godt spørsmål. Eg trur det er betre med ein mindre klasse, enn fleire lærarar i klassen. Det er i hvertfall mi erfaring etter praksis i ein storklasse med 47 elevar. Der delte me til tider klassen inn i mindre grupper. Men eg trur at det ville vorte betre ro, flyt og kontakt med lærar, som me hadde hatt ein liten klasse.

1 kommentar:

Anonym sa...

Hei Geir Martin

Jeg synes du stiller mange gode spørsmål som det er viktig for oss som vil bli lærere å tenke over.

Ut i fra min egen erfaring fra praksis kunne det være vanskelig å holde styr på 24 elever alene. Noen ganger føltes det nesten umulig. Som lærer er det jo viktig å se elevene sine og gi hver enkelt oppmuntring og oppmerksomhet.

Synes du klassene burde være mindre, eller burde det vært flere assistenter eller lærere tilstedet i klassen?

Line