I Januar har me hatt born & nye media som tema, frå denne perioden vil eg skriva om praksis dagen på praksisskulen og ha fokus på bruk av digitale verkty. Me delte fjerde trinnet inn i to grupper, den eine gruppa hadde drama, den andre gruppa hadde opplæring i Open Office. Gruppa som hadde drama bygde opp ein situasjon i lag med borna der fokus var på nettvett og mobbing via internett.
Den andre gruppa byrja med ei innføring i Open Office øvings programmet. Eg nytta projektor og viste elevane korleis me gjer for å komma i gong med programmet. Deretter gjekk elevane til pc ane og byrja sjølv. Dei fleste kom godt fort i gong med øvings programmet og byrja å trena på bilete behandling. Alle elevane bortsett frå to kom greitt i gjennom programmet. Dei to siste sleit, dei var tydelegvis ikkje van med å bruka pc. Då dei var ferdige med øvingsprogrammet skulle dei henta eit dokument på Fronter, og der stod fyrste nettvett regelen. Elevane skulle skriva inn resten av nett vett reglane og henta bilete frå eit anna dokument på Fronter og lima dei inn mellom reglane.
Det viste seg at elevane hadde behov for øving på tekst behandling og bilete handsaming, og dei aller fleste gav utrykk for at dette var lærerikt. Dei var van med å gå på pc og jobba på ”Multi”, men det verka ikkje som dei er lika van med tekst behandling.
Elles dukka det opp nokre tekniske problem i forhold å opna dokument frå nettet, (kravde aktiv x) og problem med at rtf format opna seg i Word pad når me opna det frå nettet. Me klarde å ordna det, men det tok ein god del tid. Neste gong må me nok gå i gjennom alt på elevane sine pcar på førehand, for å unngå slike tekniske feil.
Elevane gav i etterkant utrykk for at økta hadde vore kjekk, og det var bra, bruk av digitale verktøy skal vera kjekt!
onsdag 23. januar 2008

Uke 40 hadde me om animasjon og bilethandsaming.
Det var ein interessant time. Me jobba i Adobe photoshop med eit bilete som hadde fleir lag, deretter laga me ein animasjon. (sjå bilete)
Det var ein kjekk time, men eg ser at eg treng å bruka meir tid på programma for å få det ”inn i fingrane”. Men slik er det jo med mykje her på Høgskulen, me får ei innføring og så er det opp til oss å læra det.
Sia IKT er så integrert i skulane, er det klart ein fordel å ha kjennskap til slike program.

mandag 21. januar 2008
Praksisoppsumering uke 48
Det var kjekt å gå på tur i lag, og eg trur slike opplegg gjer at me vert tryggare på kvarandre og at det vert lettare å prata i lag. Dette gjeldt særskildt for relasjonen mellom a og b klassen.
Det som eg særskilt hugsar frå diskusjonen om praksisen var følgjande: Ei gruppe ved vårt bord hadde vore på Skåredalen skule, som vektlegg dei forskjellige lærings stilane. På spørsmål om korleis det pregar skulkekvardagen deira, svarte dei at det var nokre svære plakatar på veggen om dei forskjellige intelligensane, elles hadde dei ikkje opplevd så mykje av tillpassa opplæring ennå. Men dei trekte fram eit eksempel på tilpassa opplæreing, det var at dei hadde nytta saks og papir til å løysa ei oppgåva, og det førte til positivt resultat, spesielt for elevar som var praktisk annlagt.
Me på Langeland skule hadde også erfart behovet for spesial oppfølging av enkelte elevar. Me nivå inndelte trinnet i 3 grupper i ei mattematikk økt, og det vart stort sett ei positiv erfaring. Det er tydelig at elevane har behov for undervisning og utfordringar retta mot deira nivå.
Ein konklusjon frå oss alle var at me ønskjer meir kjennskap til korleis me behandlar elevar med forskjellige oppførsels- eller lære vanskar.
Revidert 27.1.08

Planlegging
Uke 45 hadde me om planlegging, økta innebar blant anna info om diamant skjemaet, kunnskaps trappa, og MAKVISE.
Det eg har tenkt etterpå om timen, var at eg følte det var litt masse info på ein gong, men gjerne eit bra utgongs punkt for å gå tilbake og studera nærare.
Eg lærte mellom anna at rammer kan ein oppleva som hinder, men også som ein ein resurs.
Det me gjorde etterpå var å nytta diamantskjemaet på Langeland.
Eg føler at det er bra i den forstand at det tar for seg dei praktiske sidene med læringa, og dermed er det eit godt utgongs punkt for å få resten av teorien rundt planlegging internalisert.

Abonner på:
Innlegg (Atom)