onsdag 23. januar 2008

Born & nye media

I Januar har me hatt born & nye media som tema, frå denne perioden vil eg skriva om praksis dagen på praksisskulen og ha fokus på bruk av digitale verkty. Me delte fjerde trinnet inn i to grupper, den eine gruppa hadde drama, den andre gruppa hadde opplæring i Open Office. Gruppa som hadde drama bygde opp ein situasjon i lag med borna der fokus var på nettvett og mobbing via internett.

Den andre gruppa byrja med ei innføring i Open Office øvings programmet. Eg nytta projektor og viste elevane korleis me gjer for å komma i gong med programmet. Deretter gjekk elevane til pc ane og byrja sjølv. Dei fleste kom godt fort i gong med øvings programmet og byrja å trena på bilete behandling. Alle elevane bortsett frå to kom greitt i gjennom programmet. Dei to siste sleit, dei var tydelegvis ikkje van med å bruka pc. Då dei var ferdige med øvingsprogrammet skulle dei henta eit dokument på Fronter, og der stod fyrste nettvett regelen. Elevane skulle skriva inn resten av nett vett reglane og henta bilete frå eit anna dokument på Fronter og lima dei inn mellom reglane.

Det viste seg at elevane hadde behov for øving på tekst behandling og bilete handsaming, og dei aller fleste gav utrykk for at dette var lærerikt. Dei var van med å gå på pc og jobba på ”Multi”, men det verka ikkje som dei er lika van med tekst behandling.

Elles dukka det opp nokre tekniske problem i forhold å opna dokument frå nettet, (kravde aktiv x) og problem med at rtf format opna seg i Word pad når me opna det frå nettet. Me klarde å ordna det, men det tok ein god del tid. Neste gong må me nok gå i gjennom alt på elevane sine pcar på førehand, for å unngå slike tekniske feil.

Elevane gav i etterkant utrykk for at økta hadde vore kjekk, og det var bra, bruk av digitale verktøy skal vera kjekt!

1 kommentar:

Bertin sa...

hm.....kan det tenkast at elevane lærte noko av dei tekniske problema de erfarte??

Ein digital kvardag er absolutt kjekk og enkel, men kva skjer når elektronikken slår seg vrang??