mandag 21. januar 2008

Praksisoppsumering uke 48

Det var kjekt å gå på tur i lag, og eg trur slike opplegg gjer at me vert tryggare på kvarandre og at det vert lettare å prata i lag. Dette gjeldt særskildt for relasjonen mellom a og b klassen.

Det som eg særskilt hugsar frå diskusjonen om praksisen var følgjande: Ei gruppe ved vårt bord hadde vore på Skåredalen skule, som vektlegg dei forskjellige lærings stilane. På spørsmål om korleis det pregar skulkekvardagen deira, svarte dei at det var nokre svære plakatar på veggen om dei forskjellige intelligensane, elles hadde dei ikkje opplevd så mykje av tillpassa opplæring ennå. Men dei trekte fram eit eksempel på tilpassa opplæreing, det var at dei hadde nytta saks og papir til å løysa ei oppgåva, og det førte til positivt resultat, spesielt for elevar som var praktisk annlagt.

Me på Langeland skule hadde også erfart behovet for spesial oppfølging av enkelte elevar. Me nivå inndelte trinnet i 3 grupper i ei mattematikk økt, og det vart stort sett ei positiv erfaring. Det er tydelig at elevane har behov for undervisning og utfordringar retta mot deira nivå.


Ein konklusjon frå oss alle var at me ønskjer meir kjennskap til korleis me behandlar elevar med forskjellige oppførsels- eller lære vanskar.

Revidert 27.1.08

1 kommentar:

Birgit E. Olsen Bratseth sa...

Eg trur kanskje de skal vera "litt forsiktige" med å vurdera innhaldet i Skåredalen si satsing på MI-teori på grunnlag av dei korte periodane de studentar har vore der. Det er mykje de ikkje har kjennskap til enno. Det gjeld og uttalen om at lærarane berre følgjer læreboka og ikkje har kapasitet til stort anna. Eg vil oppmoda deg til å gjerne revidera dette innlegget noko, om du skjønar kvar eg vil hen? Ver og ytterst forsiktig med å leggja ut noko som helst i bloggen om elevar, og i alle fall ikkje enkelt elevar. Det er høgst sensitiv informasjon. Og så vil gjerne at de tenkjer over bruken av omgrepa "sterke/flinke og svake" elevar. Kven har føresetnad for å putta elevane i ein sånn "bås"? Sterke og svake i høve til kva? Det er veldig stigmatiserande uttrykk, som eg personleg i alle fall, er lite glad i!

Birgit :-)

Birgit :-)