torsdag 7. februar 2008

Motivasjon 28 Januar

Først hadde me eit interessant foredrag av Åshild, som dreia seg om motivasjon. Deretter gjekk me i grupper.(Me var gruppe 1.) På vår gruppa leste me fyrst teksten kvar for oss, og deretter jobba me med å notera viktige punkt/særtrekk/verdt å huska. Då me skulle nytta dei resterande 40 minutt til å laga spørsmål, så fekk me beskjed om å komma til klasserommet for å sjå film. Me fekk derfor ikkje tid til å laga spørsmål.
Det som var viktigast i teksten me leste var følgjande:
Motivasjon er indre og ytre årsaker til ytre aktivitet. Når det gjelder å motivera andre så kan me huska regelen om at: ”det du ikkje vil at andre skal gjera mot deg skal du heller ikkje gjera mot dei”. Men fordi alle er forskjelligs, så treng me i tillegg kunnskap og erfaring for å behandla andre rett.

Det er tre dimensjonane i menneskets sinn det er: Kjensler, Motivasjon og våre tankar, vurderingar, planer og avgjersler i prega av den kulturen (konteksten) me lever i.

Når det gjelder jenter i skulen så har dei generelt sett ein tendens til å undervurdera sin egen dyktigheit og evne til å lukkast.

Her kjem ulike teoriar for motivasjon:

Det Behavioristiske perspektivet legg vekt på løn og straff som hovudårsak til at individet utfører ei handling. Dette prinsippet utnyttes effektivt i adferdsmodifikasjon og vert også nytta i karakter systemet.

Det kognitive perspektivet på motivasjon legg vekt på korleis tankane våre er med på å forma motivasjon. Kognitive teoriar har ein underforstått antaking om at mennesket er nysgjerrig og undersøkjande.

Den humanistiske motivasjonsteorien legg vekt på behovet for å være til nytte sem ein motivasjons faktor.

Behovs teoriar. Å forklara menneskets handling ut i frå grunnleggjande behov er blant dei tidlegaste og mest ålmenne oppfatningane om motivasjon. Behov kan komma ut i frå indre eller ytre ”mangeltilstandar” for eksempel, einsemd, fattigdom osv.

Når det gjeld indre og ytre motivasjon så er det eit ideal at elevane skal arbeida og læra ut i frå indre motivasjon, men ytre motivasjon blir lett dominerande.

Prestasjonsmotivasjon er å finna i større eller mindre grad i dei fleste kulturar. Bak prestasjonsmotivasjons teorien til Atkinson ligger ein versjon av den protestantiske etikk som går ut på at ditt kall i livet er å utnytte dine evner så godt du kan. Suksess er et teikn på Guds velsigning, ver tolmodig i ditt strev så vil Gud lønna deg i himmelen. Men denne teorien er ikkje dekkande for alle, kultur og kontekst må også med når ein skal måla prestasjonsmotivasjonen. Kvinners mjuke verdiar faller også på utsida av denne teorien.

Eit problem i eit samfunn med konkurranse orientert verdiorientering er at kvinner opplever at deira mjuke verdiar ikkje vert verdsett i samfunnet, Det fører igjen til lav motivasjon blant kvinner i forhold til yrkesval baset på mjuke verdiar.

Denne økta var lærerik og interessant, men eg trur det er viktig å jobba med denne teorien for å få den internalisert :-)

5 kommentarer:

Gerd Elin sa...

Synes du har oppsummert mykje interessant. Ser du har skrive litt om Atkinson. Ganske innfløkt korleis lysta til å lykkast og angsten for å misslykkast virkar inn på innsatsen til elevane (Sjå Atkinsons modell). Me får vel kanskje bruk for denne modellen når me skal skriva oppgåva?
Gerd Elin:-)

Birgit E. Olsen Bratseth sa...

Hei, Geir Martin...
Å få internalisert kunnskapen er viktig, men å eksternalisera den etterpå i form av blogginnlegg er tilsvarande viktig :-)
Når det gjeld filmen, så beklagar eg det. Eg vart oppringt på kontoret og bedt om å koma ned og ordna til for visning. Kva tykkjer du forresten om dokumentaren?

Birgit :-)

Geir Martin sa...

Takk Gerd Elin for kommentaren, eg er einig i at den modellen er svært aktuell i forhold til oppgåva. Maslows behovshierarki blir nok også aktuell, trur det vert spanande å ta fatt på oppgåva.

Det var ein kjempebra dokumentar film Birgit! Skal skriva meir utfyllande når eg har jobba meir med stoffet. Var ikkje meininga å klandra nokon for at filmen byrja så tidleg på måndag, ville berre forklara kvifor me ikkje var ferdig med oppgåva. :-)

Gerd Elin sa...

Hei, hei, Geir Martin

Håpar du og familien har det bra! Nå ventar eg på å få høyra frå praksisvekene dine. Har du framleis like lyst til å bli lærar når du fekk meir samanheng i både planlegging og undervisning?
Saknar og innlegga om Sjølvbilete og Attribusjonsteori og økta om spesialpedagogikk. Lykke til !
Gerd Elin:-)

Cecilie sin blogg sa...

Hei, dette var et kjempe interesangt refleksjons notat, fått med deg møkje bra her.

Nå eg eg din kritiske venn,så eg ville nå berra gje deg et hint om at det var meg :)