Som barn ønskte eg å verta pilot, men fordi det krev serdeles godt syn, så var den jobben utelukka. Deretter val eg elektrikar faget, sidan eg likte kopling av for eksempel bil stereo anlegg og liknande. Men etter nokon år i faget var eg til ein viss grad lei. Etter at eg hadde prøvd ein del andre yrker, sa eg: Skulle eg ha valt yrke igjen, så ville eg valt lærar yrket!
Det er fleire ting som har motivert meg, blant anna å ha jobba på psykiatrisk sjukehus, i barnehage og å ha undervist i menighets samanheng. Då fant eg ut at eg tykkjer da er meir givande å arbeida med menneskjer enn med leidningar. Og eg liker og å legga tilrettes for at andre skal få tru på seg sjølv, og forstå eller sjå mye ting. Eg er heller ikkje så redd for å stå framfor ei folkegruppe, slik som eg var før.
Årsaka til at eg valde HSH er fordi eg har lyst til å studera ved HSH:-) Og fordi det er mest praktisk å studera på Stord, sidan mi kone jobbar på sjukehuset her, og me har familie og vennar her. Ein annan god grunn til å bu og studera på Stord, er lave hus prisar samanlikna med for eksempel Bergen.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
3 kommentarer:
Hallo.
Kjekt å sjå deg igjen på almennlærar etter engelsk i fjor. Håper læraryrket kommer til å passe for deg.
Hei Geir Martin!
Har tru på at me "gamle" skal få da kjekt og trivst i lag med ungdommen i denne klassen:)Stå på og lukke til!
Hei, Geir Martin...
Det var eit fint bilete du hadde smykka bloggen din med i nedste kant :-)
Elles heiter det seg at fins mange vegar til Rom(a), slik er det og når vi står ovanfor valet mellom ulike yrker. Sidan du har prøvd deg på litt av kvart, er det vel sannsynleg at du nærmar deg "målet" no, tenkjer eg? At det er kjekkare å arbeida med menneske enn med ledningar, er eg vel ikkje i tvil om. Elles er du vel ein av dei få som tykkjer husprisane er låge på øya, men samanliknar ein med Bergen, så har du jo forsåvidt rett i det...
Birgit :-)
Legg inn en kommentar