fredag 24. august 2007

Pedagogikk 20 August

Komentar til pedagogikk timane: forstod det slik at me ikkje skulle gi eit referat frå timen, men skriva dei tankane me hadde etter undervisninga?


Lærar Birgit E. Olsen Bratseth er ein lærar med rik erfaring både når det gjelder å undervisa og IKT. Likte måten ho vil ha klassen til å gje respons på når ho hadde sagt noko viktig. Minner meg om møter eg var på i Kenya. Etter eit bra poeng der, ropte forkynnaren Halleluja, og forsamlinga ropte Amen tilbake :-) Ellers forstår eg at her er det berre å bli ein "bloggar" først som sist!

Den teoretiske pedagogikk timen var informativ, og læraren Åshild Dalen Veivåg var positiv med solid erfaring. Eg forstår det slik at læreplanen er vesentlig i pedagogikk faget, i og med at me skal skal undervisa på den måten som læreplanen beskriv. Eller vart eg litt usikker på kor mykje me skal legga vekt på dei forskjellige lærings artane. Er da vedtatt at me skal bruka forskjellige læringsartar mest mogeleg, eller er da opp til læraren å vurdera omfanget sjølv? Åsild sa såvidt (om eg hugsar rett) at det ikkje har vore nokon forskning på detta feltet. Sjølv om det er klart at elevane har mest utbytte av tilpassa undevisning, så forstår eg at det er ein debatt blant dei "lærde" om kor stor grad ein skal gå bort frå tradisjonell læring. For eksempel: Om det er nokon elevar som lærer best av å sitta i grupper og samtala, må dei ikkje først lesa og setta seg inn i faget eller temaet før dei kan settja seg ned og diskutera det?

Undervisninga veke 35 med Birgit var utfordrande og bra. Da var skjerpande å høyra om kor stor påvekning me som lærar har på eleven, og kor vitig da er å behandla alle mest mulig "rett". Da var og tankevekkjande å høyra kva elevens kontekst har å sei, i forhold til mogligheita for å læra. Bra med historiar frå skulekvardagen! Har i etterkant tenk på kropps språket, og at ein god latter forlenger livet! :-)

3 kommentarer:

Birgit E. Olsen Bratseth sa...

Hei, Geir Martin...
Du forstod det rett når du seier at du ikkje skal blogga referat frå timane, men heller: Tenkja over kva tankar du gjer deg rundt tema sånn i etterkant, kva vi tok opp som du meiner du har lært noko av, og kva som kan vera lurt å merkja seg i høve til ei framtidig praksissituasjon t.d. Du kan og seia noko om kva vi har gjort, i den grad det var noko som gjorde meir inntrykk på deg enn anna (som t.d. mining :-))
Spørsmål du kan stilla deg i høve tema kommunikasjon blir då: Var det noko du ikkje visste frå før som du har lært? Var det noko du tykkjer er ekstra lurt når du skal ut og treffa elevane i praksis i høve dette med kommunikasjon? Fekk du noko utav forslaga til fordjuping på eiga hand? Noko ekstra du merka deg i høve til desse artiklane? Kva med kroppsspråk episoden frå NRK? Noko der du merkja deg? Elles kan du godt ha overskrift på innlegg som passar med innhaldet i økta, som t.d. Kommunikasjon og samarbeid

Birgit :-)

Halleluja & amen - hehe!

Aashild Dalen Veivåg sa...

Hei Geir Martin
Slik eg forstår det så har du oppfatta at det fins få reglar når det gjeld å bruka pedagogikken i praksis. Det er heilt rett. Elevane har sin stil, lærarane har sin, og begge må få praktisera på sin måte for å få best mogleg resultat. Har du tenkt på kva måte du sjølv lærer best på?

Du refererer til at det fins lite forsking på tilpassa opplæring i vanleg klasseromsundervisning. Kanskje eg kan utfordra deg til å ha auge og øyre opne for slikt stoff? Tilpassa opplæring er ei stor utfordring for alle lærarar, også dei med lang røynsle.

Aashild

Geir Martin sa...

Hei Aashild
Takk for kommentaren med forklaring, spørsmål og utfordring! Trur eg lærer best når eg får kvardagslige eksempler, bilder og når eg pugger eller leser noe flere ganger til eg "forstår" det. Skal prøve å analysere hvordan eg lærer best i fremtiden, og se etter stoff om tilpasset opplæring Det er et spennande tema.