Denne timen beskreiv ein god lærar, og hans oppgåver. ( Og mandat)
Inge Eidsvåg sa ein del ting ”eg beit meg merkje i”: Han sa: ”ein lærar må gløde” og han beskriv ”den gode lærer” som ein engasjert person, som både ser og bryr seg om den enkelte.
Han seier også at lærar yrket er eit svært viktig yrkje, bort i mot et ”kall”.
I boka ”Den gode læraren” beskreiv han historia til lærar yrkje. Eg trur det eg las har gjeve meg meir forståing av yrkje, og kor viktig det er.
I denne timen fekk me veta at det ikkje er skuleplikt i Noreg, men opplærings plikt. Me skal undervisa borna i samarbeid med foreldra, som har hovud ansvaret for borna. Dette var greitt å få forklart tydeleg. Skrivet: ”Rettar og pliktar i den offentlege grunnskulen” omtalar også dette.
Av undrevisninga hugsar eg særskilt at Birgit E. Olsen Bratseth fortalde om mobbing i skulen, og at me som lærarar aldri må forsøma oss i forhold til det!
Det var og fælt å høyra at 2 av 10 born vert utsett for seksuelle overgrep. Viktig å væra obs på at læraren pliktar å melde frå. De var eit godt råd å skriva logg, om ein merker eit rart handlings mønster hos ein elev.
No byrjar eg å forstå alle dei forskjellige oppgåvene ein lærar har: Formidla kunnskap, omsorg, sosialt førebyggjande arbeid, gruppe arbeid med kollegaer, osv osv osv…
Ein eigenskap som og gjekk igjen var ”å sjå eleven”, kanskje den viktigaste eigenskapen til ein lærar?
Dette er absolutt noko å hugsa på når me skal ut i praksis neste gong!
Sosialisering er også ei av lærarens oppgåver. Trur i den forbindelse det er viktig å ha i bakhovudet at familie og nærmiljø er ein viktig samarbeidspartnar i den oppgåva. Me lyt og ta med data og media påverkinga som ei av faktorane som pregar dei unge, på godt og vondt. (Imsen kap 3)
Av visdom om den gode lærer har eg i etterkant tenkt på orda frå Quintilians: La ham være nøye, men ikke streng, godslig, men ikke for fortrolig: strenghet vil gjøre ham upopulær, mens fortrolighet skaper forakt.
onsdag 22. august 2007
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar