I denne timen var det fokus på samspel og kommunikasjon. Me fekk veta meir om samarbeidspartnarane til læraren, blant anna barnevernet og PPT, som forutan administrasjon og kollegaer er viktige om ein treng råd i forhold til elevar med problem.Det gjorde sterkt inntrykk på meg å høyra at 10 % av alle elevar har vore utsett for ei eller anna grad av seksuelle overgrep! I den forbindelsen har læraren eit stort ansvar, dersom han får mistanke om at ein elev vert utsett for noko slikt. Då er da ekstra viktig å ha folk rundt seg, som ein kan diskutera saka med!
Det var og bra med fokuset på kropps språket som utgjer 70 % av bodskapen me formidlar. dette var noko å tenka på!Då ein del elevar har forskjellige problem, og skal me hjelpe dei, så er det veldig viktig å ha ein god relasjon. Skal me få det, så må me ha ein god kommunikasjon og forstå kvarandre. I den samanhengen trur eg det er viktig å væra bevisst kroppsspråket sitt.
Har i etterkant tenkt på at når ein kommuniserer så er det for å få fram ei meining.Det er ikkje alltid ein forstår kva folk vil fram til, når dei seier noko….
Eg opplever det slik, at i denne timen fekk eg sjå klarare kor viktig samspel er for ein lærar. Me må jobba i saman med kollegaer, administrasjon, foreldre og elevar. Eit godt samspel er kjempeviktig for å fungera som ein god lærar.
Artikkelen som det var ein link til, var bra. Den var spesielt relevant i forhold til basisgruppene eller andre arbeids grupper. Kjende meg igjen når ha skreiv om forut inntekne forventningar basert på erfaringar frå tidligare grupper. Bra å ha i bakhovudet….
Drama øvinga i klassen gjekk bra. Det er interessant å tenkja på kor godt ein kan utrykka seg, utan å bruka ord.
NRK filmen viste gode døme på kroppsspråk.
Har og tenkt på at det ikkje er lett å bli sint på rett måte, slik Aristoteles sa:
Å vera sint……. det er lett. Men å vera sint til rett tid,…… I rett grad,…… På rett person…… På rett måte og av rett grunn… …..det er ikkje lett.
Eg hadde 13 rett på smile testen, trudde eg var betre til å lese ansikt.. ! ;-)
Det var ein viktig og bra time.
mandag 10. september 2007
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
1 kommentar:
Hei.
Takk for hyggeleg tilbakemelding :)
Eg synest du skriv veldig bra! Det er kjekt å lese, og du får godt fram dine eigne synspunkt. Flott!
Legg inn en kommentar