Setter opp bloggen temavis, slik at eg får betre oversikt..
Tenkt
Vart imponert av velkomsten til timen om morgonen. Levande lys, blomar og ei personleg helsing til alle. Det gjorde inntrykk. Birgit praktiserer det ho preikar! Eg har aldri opplevd noko liknande!
I etterkant er det noko eg har tenkt særskilt mykje på.
Læraren gav sist ei beskriving av Honningsvåg, som dessverre stemmer med den eg har fått frå folk som kjem der i frå, og som har vert der. Ho sa at dette var eit eksempel på korleis ein lærar ikkje bør framstilla ein plass. Dette fordi ein berre trekk fram negative sider, og heilt ignorerer dei positive. Noko eg er einig i. Deretter sa læraren (om eg hugsar rett) noko som ”Eg vert svært opprørt over slikt! Eg er sterkt i mot slik uthenging, og at lærarar prakkar kristendom på elevar, dette må vi ikkje ha noko av”.
Det er eg og heilt einig i. Ein skal heller ikkje prakka kristendom på elevar. Men kvifor tar læraren dette med i same rennet? Var det for å på nytt sjekka om me reagerer på at ho henger ut nokon? (Dei kristne lærarane.) Eller var det berre tilfeldig? Var det ein annan grunn? Eller var det fordi det i dag dessverre er ein sterkt trend mot kristendom i skulen?
Det trur eg kjem av at me før hadde kristendomsundervisning, og mange opplevde det som å bli påtvinga ei tru dei ikkje delte i same grad. Men no er det KRL undervisning! Fleirtalet av lærarar er i dag ikkje personleg kristne så langt eg veit. Eg har heller ikkje lest eller høyrt om nokon forsking som tilseier at kristne lærarar er mindre nøytrale enn for eksempel ateistiske eller humanistiske lærarar, som har sin religion. Når ein seier at ein ikkje skal påtvinga kristendom, seier ein ikkje då indirekte at det er dei kristne lærarane som påtvingar sin religion , mens ateistiske, humanistiske eller muslimske ikkje gjer det, eller gjer det i mindre grad? Kan det bevisast at kristne lærarar er mindre profesjonelle når det gjeld å væra nøytral? Kvifor brukte ikkje læraren ”påføra sitt religiøse synspunkt” i staden for” påføra sitt kristne synspunkt”? Er ikkje det å stigmatisera ei mindretalsgruppa blant lærarane og sei at dei er verre enn andre?
Eg har sjølv opplevd lærarar som i forskjellige fag trekk fram negative sider ved kristentrua eller fleipa med innhaldet i trua. Det er svært sjeldan nokon reagerer dersom ein lærar kjem med eit humanistisk eller ateistisk synspunkt! Er ikkje dette like gale som å påtvinge kristentrua? Det verkar som ateisme/humanisme er mykje meir akseptert, og praktisert, kvifor vert ikkje det kritisert?!
Dette har også andre studentar tenkt på.
Elles har eg tenkt på noko som stod i linken ”Sosial læring i skulen”, under tema ”Etnisitet og konflikter” Der stod det: ” Skolen og lærerne må ha forståelse for at det blant foreldre og elever eksisterer forskjeller på hva som aksepteres som sosialt akseptabelt og verdsatt.”
Nokon tenker då det betyr at det ikkje må bli for mykje kristendom på for eksempel muslimske born. Men eg trur ikkje det er heile bildet. Muslimske born har foreldre som kjem frå ein kultur der religionen er integrert i alle livets aspekt, dei fleste har nok ei forventning om at det er ein kristen profil på skulen i eit kristent land. På Langeland skule hadde det for eksempel aldri hendt at foreldre til muslimske born hadde søkt om fritak frå KRL undrevisninga. Dette var fordi dei ønskjer at borna skal få del i den norske kristne kulturen. Det er også muslimar som ynskjer å ha borna sine på kristne privatskular:
sjå link: http://idag.no/aktuelt-oppslag.php3?ID=2908
Eg trur muslimar flest reagerar mest på vestlig sekulær livstil som umoral, banning, og mangel på respekt for andre sin religion.
For å læra elevane respekt for andre sin religion bør me læra dei respekt for vår eigen religion, og der bør læraren væra eit forbilde. Om læraren talar negativt eller heng ut vår kristne tradisjon, gir han ikkje signal til elevane om at det er ok å snakka negativt eller hengja ut andre sin religion?
Endå verre: Når store media som NRK, TV 2 kjem med sjkane av kristne leiarar, brenner bibelen osv, kan ein forvanta anna enn at norske born har same holdningar ovenfor feks Islam og koranen? Her treng Norge å vakna opp og bli betre når det gjeld respekt, toleranse og integrering.
Sjå link: http://www.bt.no/innenriks/article256525.ece
Lært
I denne timen lærte eg at 80 % av landets formue ligger i kunnskapen til innbyggjarane i Noreg! Det viser verdien av kunnskapen! Lært og at i holdnings førebyggjande arbeid så er det lurt å få med foreldra på å ikkje snakka negativt når borna høyrer på, for eksempel om innvandrarar eller læraren. Har foreldra noko i mot skulen, så er det betre å ta det opp direkte med lærar.
Lurt
(Betyr lurt at jeg har lurt på det etterpå, eller at jeg synest noe var lurt?)
Eit lurt tips me fekk, var at dersom me ikkje rår med klassen, så er det betre å be om hjelp enn å venta til det er for seint og nokon andre må overta den skakk kjøyrde klassen.
Gjort
Alle skulle presentera forskjellige arbeidsmetodar for klassen. Eg var blant dei som skulle presentera gruppearbeid/samarbeidslæring. Det var lærerikt å jobba med oppgåva. Trur eg fekk satt i system ein del tankar eg hadde om gruppe arbeid, og lært nokre nye ting. Det var også lærerikt å få høyra om andre arbeidsmetodar.
Revidert 7. 10
Takk Franny for kommentaren!
Når det gjeld kva eg tenkjer/har lært i forhold til sjølv å leia ei basisgruppe så er det følgjande: Utgongspungtet for all god læring er ein god relasjon til den enkelte eleven. Eg vil jobba for å få det. Prøva å sjå den enkelte og ha ein dialog. Det er også viktig å ha ein god relasjon til foreldrene og jobba på lag med dei. Kanskje få dei med på eit prosjekt som, å pusse opp klasserommet eller skole bedrift?
Faglig forbereing er viktig, det er også autoritet i klassesituasjonen. For å ha autoritet er ein god relasjon viktig. Deretter er det viktig å ha forståelse for den enkelte, og ha tydelige grenser.
Det er ekstra viktig å væra våken for uro når klassen skiftar aktivitet.
Ellers trur eg elevane har lettare for å læra i trivelige omgivelser....!
Revidert 11.10.07
Takk Birgit for kommentaren, du vei sjølv best kva du meinte.
Eg meiner det eg skreiv, og er glad for at det ikkje gjaldt deg.
:-)
fredag 5. oktober 2007
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
5 kommentarer:
Hei:) Ganske lurt å setta det opp slikt spør du meg, det var veldig oversiktleg å lesa. Og du har skreve utroleg bra! Eg er veldig enig i det du seier om på kristendome og undervisninga rundet det. Men vist eg no skal utfordra deg litt, då handla og ein del av timen om å leia basisgrupper, kva tanker har du gjort deg opp om det? Kva ville du lagt vekt på om du skulle ut å leia ein klasse?
Stå på vidare! Franny
Så lett å få oversikt over innlegget ditt - veldig lurt med lenker og!
Noko eg synst var veldig godt sagt og som eg kjem til å ta med meg, var dette:
Dersom ein skal lære elevar å ha respekt for andre religionar, må me lære dei å ha respekt for vår eigen religion. Og her bør lærarane vera eit førebilde.
Godt sagt!
Hei, Geir Martin...
Ikkje dumt å setja opp blogginnlegget sånn...
Så til det eg sa i høve til dette med stigmatisering og ansvaret som ligg i å ha den maktposisjonen som ein lærar trass alt har (eg kalla borna for "vaksklumpar" som vi i stor grad har påverknad til å forma).
Eg sa at vi som lærarar aldri måtte bidra til stigmatisering av enkeltgrupper (jmf Honningsvåg), og at vi anten det gjaldt politikk eller religion, ikkje hadde høve til å la vårt personlege syn/vår overbevisning prega undervisninga vår. Vidare nemnte eg at den kristne formålsparagrafen i norsk skule har vore oppe i menneskeretts domstolen i Strasbourg, der den norske stat og KRL-faget tapte (sjå artikkel i Bergens tidende http://www.bt.no/utdanning/article376715.ece). Eg uttalte meg ikkje om nokon religion spesifikt altså, men eg snakka om den kristne formålsparagrafen, som no må til høyring for å omformulerast i høve denne dommen... Eg kjende sterkt behov for å kommentera det du skreiv her, sidan eg ikkje kunne kjenna att mi eiga framstilling i det du skreiv.
Birgit :-)
Hei igjen...
Berre ein liten kommentar til spørsmålet ditt rundt "lurt" biten: Det er det du tek med deg vidare etter å ha vore på førelesning og jobba på eiga hand, som du meiner er spesielt lurt å hugsa på i høve til ditt framtidige yrke eller neste praksisperiode for den saks skuld. Det lure du "merkjer deg bak øyra", skjønar?
Birgit :-)
Heisann. Er litt sein å svara deg igjen, har leset svarte ditt for ei stund siden, men gløymte å svara. Enig i det du seier, no må du berre huska og ta det med deg ut i praksis!
- Franny Maria
Legg inn en kommentar