lørdag 10. november 2007

Oppsumering etter observasjon i praksis.

Har ikkje blogga oppsumeringa etter forige praksis, difor gjer eg det no :-)

Tenkt/lurt
Det var interessant å observera i klassen. Ved å fokusera på det ein ser og opplever, får ein betre med seg kva som «verkeleg skjer» i klassen. Dette gir eit betre utgangspunkt en om me hadde «stupt» rett ut i undervisninga.

Det som gjorde mest inntrykk på meg var måten læraren vist oppriktig interesse for den enkelte eleven, for eksempel mandag morgon når elevane fekk fortelja kva dei hadde opplevd i helga. Det gjorde også sterkt inntrykk å sjå korleis lærarane la vekt på inntegrering. Lærarane valgte songar som fremma likeverd og dei lot elevane sammarbeida med, og hjelpa dei andre elevane som hadde ein eller annan form for handikapp.

Lært
Å skriva logg gjer at ein får notert og sett ord på ting som ein observerer, dette gjer at ein lettare kan hugsa og reflektera over det ein har opplevd.

Gjort
Eg prøvde å obsevere alt eg «beit meg merke i», som utforminga på grupperommet, kva for klær som var mest vanlege, friminutta ro/uromoment i klassen og kva lærarane sa og gjorde.
Deretter bearbeida eg det som var av særskildt interesse, som temaet integrering i klassen.
...................................................................................................................................................................

Revidert 22.04 2008

Skriv ikkje noko om seminardagen, fordi eg var heima den dagen pga sjukt barn.

Ingen kommentarer: