No begynner det å bli nokon år sia eg gjekk på ungdomsskulen. (Var ferdig i 86) Difor vil eg beskriva læraren, ved blant anna å fortelja episodar eg hugsar særskilt godt. Læraren eg skal beskriva var klasseforstandaren vår i 7-9 kl. Da var ein travel mann som både hadde gard og dreiv med lakseoppdrett, forutan at han var lærar.
I den første timen, sa han noko som sjokkerte oss alle. Etter diverse praktiske info gav han beskjed om at bråka ikkje vart tolerert, "dersom nokon ville bråka, så skulle dei få oppleva korleis da var å sjå ei lik kista frå innsida!" Årsaka til at han sa dette, var nok at fleire av oss allereie hadde rykte på seg for å væra bråkmakarar. Difor trur eg trur han ville setja standaren med ein gong, noko han også gjorde. Me bråka ikkje i hans timar…
Læraren hadde universitetsutdanning i matematikk og var svært flink i hovud rekning og i mattematikk. Dette faget likte også eg godt, og hadde derfor gode karakterar. Han merke seg det, og kom av og til med positive kommentarar til meg. Årsaka til at eg hugsa det, var at eg ikkje var vant til positive kommentarar frå lærarane. Ein annan episode var i 9 klasse etter at eg var blitt med i røyke gjengen, og hadde blitt tatt i skulk. Den timen byrja han med å teikna et tre, med ei stor grein. Deretter teikna han ein mann som sat på greina, og saga i greina mellom seg og treet. Han sa ingenting når han teikna, men etterpå snudde han seg til klassen og sa: ” Dersom denne personen fortsetter å sage fell han til slutt ned……… Denne mannen på greina er unge herr Økland. Om du herr Økland ikkje snur om frå den vegen du har byrja på, så kjem da ikkje til å gå deg vel i livet.” Deretter sa han noko om at eg snart var ferdig på skulen og måte stå på eine bein. Eg hadde gode evner, difor burde eg ikkje sløsa livet bort på skulk og tull. Det var ei ubehagelig oppleving for meg, men eg forsto poenget hans, og det vart ikkje meir skulk.
Har i etterkant tenkt at sjølv om metodane hans kan diskuteras, så hadde han ein veldig god evne. Det var at han sa i frå, og gav både ris og ros. Han hadde faktisk meir positiv innverknad på mitt liv, enn mange lærarar som var likegyldige.
torsdag 23. august 2007
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
3 kommentarer:
Ein skikkelig hardhaus denne læraren din. Det skal likevel seiast at reint praktisk så hadde han eit poeng. Sjølv om eg ikkje ville brukt same metodane, vil det nok i enkelte klassar vera naudsynt å setje seg i respekt frå starten av.
I staden for å hengje ut enkeltelevar har eg meir tru på å opptre bestemt og gje tydelege meldingar. Så vil framtida vise om eg tenkjer rett eller ikkje.
Eg ville heller ikkje brukt den metoden :-) og eg er heilt enig i at det ikkje er bra å henga ut elevar foran klassen. Trur da er mykje betre å sei ting på tomanns hånd om ein har ei "formaning".
Legg inn en kommentar